Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Romeo og Julie

Romeo og Julie har vorte udøyeleggjort både på teaterscena, i ballettar, operaer og i måleri. Det finst også filmversjonar med Olivia Hussey i rolla som Julie i ein film frå 1968, og Leonardo DiCaprio i rolla som Romeo i ein nyare versjon frå 1996.

De daude skikkelsane til Romeo og Julie omgitt av vaksne. Måleri.
Romeo og Julie er ein tragedie, der begge dei elskande døyr i siste akt. Biletet er måla av kunstaren Frederick Leighton i 1855.

Den mest kjende scena i Romeo og Julie er akt 2, scene 2, som ofte vert referert til som «balkongscena», sjølv om Shakespeare ikkje nemner nokon balkong i manuskriptet sitt. Romeo har tidlegare berre møtt Julie på eit ball som vart arrangert av familien hennar. Han forelskar seg straks i den unge jenta. På grunn av ein feide mellom familien til Romeo, de Montagues, og familien til Julie, Capulets, er Romeo i forkledning. I balkongscena møter vi Romeo etter at han har klatra inn i hagen og ser lysa frå soveromsvindauget til Julie.

Utdrag frå akt 2, scene 2 («balkongscena»)

[…]

ROMEO

Hun snakker, å, snakk mer, å skjønne du!

Du stråler sånn i mørket over meg.

En engels barn, et himmelsk sendebud

på myke skyer over himmels hav.

JULIE

Å Romeo, Romeo, hvorfor er du Romeo?

Fornekt din far og kast ditt eget navn!

Og hvis du ikke vil, så sverg da på

at kjærligheten din til meg er sann!

Da er jeg ikke mer en Capulet.

[…]

[…]

JULIE

Men hvordan kom du hit, og hva var grunnen?

For deg vil denne hagen være døden,

hvis en av mine skulle se deg her.

ROMEO

På kjærlighetens vinge fløy jeg over.

Ingen steinvegg kan stenge kjærligheten ute.

Hvis kjærligheten kan, så vil den prøve,

og da kan ingen stoppe en Montague.

[…]

Les heile dramaet Romeo og Julie av Shakespeare i nynorsk omsetting: NB digital: Romeo og Julie omdikta av Edvard Hoem

Kampscene frå musikalen «West Side Story». Fotografi.
Scene frå musikalen «West Side Story» der gjengane kjempar mot kvarandre.

Frå Romeo og Julie til West Side Story

Musikalen West Side Story er skriven av Leonard Bernstein med tekstar (libretto) av Stephen Sondheim. Han vart uroppført på Broadway i 1957 og utgitt som film i 1961, ein film som vart heidra med heile ti Oscar-prisar.

Plottet er basert på den tidlause historia om Romeo og Julie, dei to elskande som ikkje kan få kvarandre fordi dei tilhøyrar sosiale grupper som er i strid med kvarandre. I Shakespeare sitt skodespel er det fiendskap mellom familiane Capulet og Montagues. I West Side Story kjem Tony og Maria frå ulike gjengar i nabolaget som kjempar mot kvarandre – Sharks og Jets. Tony er ein skikkeleg fyr som eigentleg ikkje lenger ønskjer å vere involvert i dei aktivitetane som Jets driv med. Men ved eit uhell kjem han til å drepe Bernardo, bror til Maria, som er leiar av Sharks.

På same måte som Romeo og Julie er West Side Story ei dramatisk og kjenslemessig sterk historie. USA på 50-talet var eit samfunn som fokuserer sterkt på rase og identitet, både i gettoar i dei store byane i nord og i segregerte samfunn i sørstatane. Jets-gjengen består av kvite ungdommar som ønskjer å forsvare territoriet sitt på øvre Manhattan. Sharks-gjengen består av etterkommarar av puertorikanske innvandrarar.

West Side Story reiser spørsmål om gruppeidentitet og indre disiplin, og dei reglane som gjeld for dei som vil vere del av ei gruppe: Du held deg til di eiga og kjempar for området ditt, og du står opp for dei andre. Ungdommane er stadig i samanstøytar med politiet, men andre vaksne korrektiv, som foreldre, er stort sett fråverande.

Romeo og Julie på kebabnorsk. Innslag i Dagrevyen i 2007.

Austkant møter vestkant

I ei norsk oppsetjing frå 2007 lèt regissøren Romeo vere ein austkantgut som vert glad i vestkantjenta Julie. Teksten vert framført på gatespråk, det som i innslaget frå Dagsrevyen i 2007 vert kalla «kebab-språk». Føremålet er å gjere mellomalderdramaet til Shakespeare aktuelt for unge i dag.

Kvifor lèt vi oss framleis fengsle av historia om Romeo og Julie? Er det fordi dette dramaet reiser eit spørsmål som gjeld til alle tider, spørsmålet om kjærleiken kan overvinne alt?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale