Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. William ShakespeareChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

William Shakespeare

Mange meiner at William Shakespeare (1564–1616) er den største engelske poeten og dramatikaren. Hamlet, Macbeth og Romeo og Julie høyrer til dei mest kjente verka hans.

Likevel veit vi lite om han. Han vart fødd i landsbyen Stratford-upon-Avon, som på Shakespeare si tid låg fire dagsreiser frå London. Han var truleg elev ved den lokale King’s New Grammar School der gutar lærte å lese og skrive. Vidare veit vi at han gifta seg med ei åtte år eldre kvinne då han var atten år, og at dei mista sonen sin, Hamnet, då han var 11.

Skodespelar og forfattar

Vi veit ikkje nøyaktig når Shakespeare drog til London for å bli skodespelar, men det er dokumentert at han opptredde for dronning Elizabeth I. I 1594 står han desutan oppført som aksjonær i teaterselskapet Lord Chamberlain’s Company, og i 1599 som eigar av Globe Theatre.

Ei stilling som skodespelar og dramatikar ved kongehoffet var lønsam. Det er ei vanleg oppfatning at det vidgjetne skodespelet Macbeth vart skrive som ei hylling til verja hans, kong James I. Shakespeare skal ha skrive nær førti litterære verk, blant dei tragediar som Romeo og Julie og Hamlet, og komediar som Ein midtsommarnattsdraum. I tillegg skreiv han 154 sonettar, dikt på ei særskild form.

Hamlet

Hamlet er ein av dei mest vidgjetne tragediane Shakespeare skreiv. Plottet er lånt frå ei dansk, eller kanskje irsk, segn. Shakespeare utvikla denne segna til eit drama som handlar om korleis mennesket må kjempe mot eigne feil og sårbarheit. Som humanist er Hamlet først og fremst oppteken av å forstå menneskenaturen.

Dramaet har alle dei ingrediensane som høyrer heime i ein spanande tragedie: drap, sjølvmord, gjenferd, hemn, falsk identitet, uoppfylt kjærleik, galskap, sverdkampar og ein forvirra protagonist som vert forrådd. Dette får sjølvsagt fatale konsekvensar. Den forvirra sinnstilstanden Hamlet er i, vert eit bilete på korleis alle menneske kan oppleve mangel på styrke, tvil, tru og angst. Hamlet vert sliten mellom eit ønske om hemn og eit ønske om forløysing, mellom liv og død, noko som kjem til uttrykk i det berømte sitatet «Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet».

Tidlaust om det å vere menneske

Shakespeare har vorte kalla «han som fann opp humanismen». Sjølv om Shakespeare sine drama kan verke nokså melodramatiske for oss i dag, gir dei eit godt inntrykk av det diktarar i denne perioden var opptekne av: kor komplekst menneskesinnet er, og korleis vi alle kjempar mot indre krefter. Han gjer det dessutan på ein måte som vi kan identifisere oss med. Derfor vert Shakespeare sine drama framleis oppførte på teater verda over, ofte i moderne språkdrakt og sette inn i ein notidig kontekst.

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale