Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Humor og erotikk i DekameronenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Humor og erotikk i Dekameronen

Dekameronen vert kalla for «den menneskelege komedien». Boccaccio gjer narr av både adel og geistlege, og forteljingane oser av erotikk.

Illustrert manuskript som viser en mann som spiller lutt for en kvinne som ligegr til sengs, og en flokk menn som snakker med en ung kvinne. Faksimile.
Utsnitt av illustrert utgåve av Dekameronen frå 1400-talet

Mange av novellene i Dekameronen er erotiske forteljingar. Den humoristiske tilnærminga til seksuelle aktivitetar kan verke overraskande på oss i dag, sidan vi ofte forbind mellomalderen, og då spesielt klosterlivet, med eit asketisk liv.

Boccaccio er kritisk til kyrkjemakta, og i fleire av novellene harselerer han med både abbedar, munkar og nonner. Forteljingane er skrivne på italiensk, språket som vart brukt av kjøpmannsborgarskapet. Her legg ein vekt på individuell fridom, og seksualiteten til kvinner og menn er likestilt.

Bok i P2 om Dekameronen

0:00
Bok i P2 om Dekameronen

Oppgåve

I NRK-programmet Bok i P2 kommenterer idéhistorikaren Trond Berg Eriksen og den katolske pateren Arnfinn Haram ei av dei hundre forteljingane i Dekameronen.

  1. Kva kjenneteiknar humoren i Dekameronen?
  2. Korleis kjem dette til uttrykk i forteljinga om Isabetta?
  3. På kva måte kan ein oppfatte historia om Isabetta som ein kritikk av kyrkjemakta?
  4. I kva grad er det rett å omtale Dekameronen som «folkelitteratur»?
  5. Kven var førebilete for Boccaccio då han skreiv Dekameronen?
  6. Ein kjend forfattar har i ettertid leite seg inspirere av Dekameronen. Kven er det?
  7. Korleis forklarer Berg Eriksen tilhøvet mellom det sakrale og det erotiske, og mellom det mannlege og det kvinnelege, i mellomalderlitteraturen?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale