Den guddommelege komedien (Divina Commedia) vert rekna som høgdepunktet i visjonslitteraturen. Verket er skrive av den italienske diktaren Dante Alighieri tidleg på 1300-talet og inneheld 100 songar (canti) med fast rimmønster.

Visjonslitteratur eksisterte allereie i antikken, men i Europa var han ikkje særleg utbreidd før mellomalderen. Renessansediktarane henta ofte motiva sin frå den greske og den romerske antikken. Det er ikkje utan grunn at Dante sin vandringskamerat på reisa gjennom dødsriket i påska år 1300 er Vergil, han som skreiv det romerske nasjonaleposet Æneiden langt over tusen år tidlegare.
På vandringa si gjennom dødsriket vert Dante og Vergil vitne til dei pinslene som syndarane vert utsette for i helvetet og skjærselden, alt utmålt etter dei syndene dei har gjort. Vandringa endar ved inngangen til i paradiset. Men der må Vergil og Dante skilje lag. Hit er det berre den kristne Dante som kan tre inn, med hjelp av si avlidne og elska Beatrice og jomfru Maria.
I den katolske kyrkjelæra var skjærselden eit mellomstadium der mennesket kunne verte reinsa for syndene sine gjennom å gjere bot. I Dante si framstilling er oppstiginga gjennom skjærselden delt i sju terrassar. På kvar terrasse vert det gjort bot for ei av dei sju dødssyndene: hovmod, misunning, sinne, latskap, griskheit, glupskheit og utukt.
Formaning til gudfryktigheit
Ein kan lese diktverket som ein allegori, ei biletleg framstilling av den vandringa menneskesjela gjer frå eit syndig jordeliv til ho til sist får nåde hos Gud. Føremålet med den kristne visjonslitteraturen var gjerne å omvende folk og få dei til å leve eit gudfryktig liv. Mange av visjonane inneheld utførlege og til dels groteske skildringar av pinslene som sjelene i helvetet måtte gjennomgå.
Nordiske visjonsdikt
Forfattaren av det norske visjonsdiktet Draumkvedet kjende nok til denne typen forteljingar, men i Draumkvedet er tonen meir menneskeleg og forsonande. Same tematikk som i Draumkvedet finn vi også i Edda-diktet «Solarljod». I «Solarljod» fortel faren sonen sin om det han opplever i dødsriket, og formanar han om å leve eit rettskaffe liv.
Læringsressursar
Humanisme og renessanse
Læringssti
Ei vandring gjennom dødsriket
KjernestoffDekameronen
KjernestoffWilliam Shakespeare – diktar og humanist
Kjernestoff
Fagstoff
Visjonslitteratur
Kjernestoff- Kjernestoff
Dante Alighieri og Divina CommediaDu er her
Dekameronen
KjernestoffRenessansedramaet
KjernestoffWilliam Shakespeare
KjernestoffRomeo og Julie
KjernestoffBergens Kapitelsbog
KjernestoffTrolldomsbøker
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Samfunn, språk og kultur 1350-1600
KjernestoffSamanlikn to mellomaldertekstar
KjernestoffDen guddommelege komedien
KjernestoffHelvetet i moderne medietekstar
KjernestoffHumor og erotikk i Dekameronen
KjernestoffOppgåver til Dekameronen
KjernestoffRomeo og Julie i moderne innpakning
KjernestoffTradisjonell dramaturgi: "Romeo og Julie"
KjernestoffPresenter eit fagleg tema for klassen
KjernestoffOppgåver til Bergens Kapitelsbog
KjernestoffLærebøker i trolldom og magi
Kjernestoff
Kildemateriale
Handlinga i "Romeo og Julie"
KjernestoffDraumkvedet
KjernestoffUtdrag frå Dekameronen
Kjernestoff