Introduksjon
Etter å ha følgt denne læringsstien skal du:
- ha kunnskap om visjonslitteratur i mellomalderen
- kjenne til og ha lytta til utdrag frå Den guddommelege komedien og kunne setje diktverket inn i ein samfunnsmessig og litterær samanheng
- kjenne til og lese utdrag frå visjonsdiktet Draumkvedet
- kunne samanlikne Draumkvedet og Den guddommelege komedien
- kjenne til førestillingar om helvetet i ulike kulturar og tidsperiodar
- kunne samanlikne framstillinga av helvetet i renessansen med måten helvetet vert framstilt på i moderne medietekstar
- kunne skrive ein strukturert tekst på sidemål om eit norskfagleg emne