Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Tradisjonell dramaturgi: "Romeo og Julie"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tradisjonell dramaturgi: "Romeo og Julie"

Romeo og Julie har blitt udøyeleggjort både på teaterscena, i ballettar, operaer og i måleri. Det finst også fleire filmversjonar av det kjende dramaet til William Shakespeare.

Bilde av et hus i Verona som sies å være huset til familien Capulet i Shakespeares Romeo og Julie
Ein turistattraksjon i Verona! Var det her Julie stod på balkongen og erklærte kjærleiken sin for Romeo? Det vil dei i alle fall gjerne tru, dei mange turistane som besøkjer byen Verona i Italia, og som kjem for å sjå på nettopp dette huset. Balkongen er nok dessverre av langt nyare dato, men slik kunne altså huset til familien Capulet ha sett ut.

Oppgåve 1

Persongalleriet i Shakespeares drama Romeo og Julie

Oversikta over persongalleriet gir deg eit første overblikk over verda du møter i dramaet. Gå gjennom persongalleriet i Romeo og Julie og teikn eit kart over dei namngivne personane i Capulet-, Montague- og fyrstefamilien, med linjer og pilar som viser slektskaps- og vennskapsforhold.

Sjå persongalleriet

Personar

Escalus, fyrste av Verona

Paris, ein ung adelsmann og slektning av fyrsten

Herr Montague, overhovud for Montague-slekta

Herr Capulet, overhovud for Capulet-slekta

Ein gammal mann av Capulet-slekta

Romeo, son av Montague

Mercutio, slektning av fyrsten, venn av Romeo

Benvolio, nevø av Montague, venn av Romeo

Tybalt, nevø av fru Capulet

Broder Lorenzo og broder Johannes, to munkar av fransiskanarordenen

Baltasar, tenaren til Romeo

Samson, tenaren til Capulet

Gregorio, tenaren til Capulet

Peter, tenar hos amma til Julie

Abraham, tenaren til Montague

Ein apotekar

Tre musikarar

Ein offiser

Fru Montague, kona til herr Montague

Fru Capulet, kona til herr Capulet

Julie, dotter av Capulet

Julies amme

Borgarar av byen Verona, kvinner og menn av slektene Montague og Capulet, maskerte (utkledde) personar, fakkelberarar, pasjar, vakter og andre tenarar

Oppgåve 2

Ytre inndeling av dramaet

Sjå raskt gjennom handlingssamandraget av Romeo og Julie.

  • Kor mange akter består stykket av?
  • Kor mange scenar er det i kvar akt?
  • Kva scene ser ut til å vere den mest hendingsrike?

Oppgåve 3

Prosjekt og konfliktar

Konfliktar oppstår fordi personane i dramaet har motstridande mål eller "prosjekt". Les gjennom samandraget av dei to første aktene i Romeo og Julie og finn ut:

  • Kva er "prosjektet" til Romeo og Julie?
  • Kva mål har foreldra til Julie for henne?
  • Kva mål har Paris?
  • Kva mål har Tybalt?
  • Kva mål har broder Lorenzo?
  • Kva personar i dramaet har samanfallande interesser?
  • Kva personar i dramaet har motstridande interesser?
  • Kva er den overordna konflikten i dramaet som fører til nesten alle personkonfliktane?

Oppgåve 4

Biletet nedanfor er henta frå musikalfilmen West Side Story, ein moderne versjon av Romeo og Julie. Biletet viser dei to hovudpersonane Tony og Maria. Sjå ein gong til gjennom handlingssamandraget av dei to første aktene i Romeo og Julie. Kva scene frå Romeo og Julie kan scenen på biletet vere ein parallell til?

Scene fra West Side Story som viser hovedpersonene Tony og Maria. De befinner seg på branntrappa i bakgården på en slitt mursteinsbygning
Scene frå musikalen "West Side Story".

Oppgåve 5

Plott og spenningsoppbygging i Romeo og Julie

Les grundig gjennom heile handlingssamandraget av Romeo og Julie og jobb deretter med spørsmåla nedanfor.

Det kan godt hende at du enkelte gonger kjem fram til eit noko anna svar enn klassekameratane dine. Det viktigaste er å grunngi svaret ditt godt med utgangspunkt i informasjonen du finn i samandraget.

Noter alltid akt og scene for dei ulike hendingane.

Hent fram spørsmåla

Eksposisjon (opning)

  • Kor mange akter/scenar utgjer eksposisjonen? Med andre ord: Kva tid er alle hovudpersonane introduserte, og kva tid anar vi at det vil oppstå problem for Romeo og Julie?

Utdjuping og opptrapping

  • I kva for ein scene bestemmer Romeo og Julie seg for å velje kjærleiken og slik ein vanskeleg skjebne?
  • Kor lenge går alt slik som Romeo og Julie har planlagt?
  • Kva hending er det første alvorlege tilbakeslaget for dei to?
  • Det kjem fleire tilbakeslag for Romeo og Julie. Nemn dei.

Klimaks og avtoning

  • Kvar synest du spenninga når høgdepunktet sitt?
  • Kor lenge kan tilskodarane håpe på at dramaet likevel kan ende bra?
  • Kva tid blir skjebnen til Romeo og Julie avgjord?
  • Fører den tragiske døden til dei to likevel til noko godt?

Vendepunkt

  • Er det mogleg å peike på eitt enkelt avgjerande vendepunkt i stykket, eller finst det fleire vendepunkt?

Frampeik

  • Romeo har hatt ein draum som varslar at han kjem til å døy. Korleis reagerer han på dette varselet?

Oppgåve 6

Spenningskurva i Romeo og Julie

Lag ein plakat som viser spenningskurva i Romeo og Julie. Plott inn

  • hendingane som fører til at konflikten oppstår
  • tilbakeslaga som rammar Romeo og Julie
  • høgdepunkt, katastrofe og avtoning

Oppgåve 7

I denne scenen frå West Side Story har Tony nettopp drepe Bernardo, broren til Maria. Han har gjort det i eit anfall av raseri fordi Bernardo har drepe vennen til Tony, Riff. Før den ulykksalige hendinga prøvde Tony å stanse slåstkampen mellom dei to, men forgjeves. Kva for ein scene i Romeo og Julie svarer til denne scenen frå West Side Story?

Scene fra West Side Story som viser hovedpersonen Tony, fortvilet over at han har blitt til morder. Foran ham ligger personen han har drept, bak ham ligger hans egen drepte venn.
Scene frå musikalen "West Side Story".

Oppgåve 8

Nokre refleksjonsspørsmål

Handlinga i Romeo og Julie er lagd til byen Verona ein eller annan gong på 1300- eller 1400-talet. I dette samfunnet speler familien ei viktig rolle. Det er først og fremst familien som tek vare på medlemmene sine når dei blir sjuke, gamle eller har behov for anna hjelp, og derfor er lojalitetsbanda mellom familiemedlemmene sterke.

Hent fram spørsmåla

Spørsmål

  • Kan du nemne døme på andre samfunn, både noverande og tidlegare, der ætt og lojalitetsband har spelt eller speler ei tilsvarande sterk rolle?
  • Foreldra til Julie vel ein mann for henne. Kva kallar vi denne typen ekteskap?
  • Paris, mannen som foreldra til Julie har akseptert som friar, er ung, ser godt ut, er av god familie, er ein heidersmann, viser omsorg for Julie og elskar henne. Kan vi seie at foreldra til Julie ønskjer det beste for dottera si?
  • Korleis passar eit ekteskap basert på forelsking inn i eit samfunnssystem der det er venta at den enkelte skal underordne seg interessene til familien?
  • Om Romeo og Julie skulle hatt ei moglegheit til å få kvarandre: Kva måtte dei ha gjort annleis?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale