Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Roland og Magnus kongjen

Roland var ein av mennene Karl den store leit mest på. Han fall i strid då hæren vart overfallen ved Roncveaux i Pyreneene i 778. Kjempane Roland og Karl den store vart sidan hylla i folkediktinga over heile Europa.

Frå fransk chanson til norrønt kvad

Roland møter kongen. Illustrasjon.
Roland og Magnus kongjen

Temaet i denne visa er det same som i det velkjende franske kjempediktet Rolandskvadet frå 1100-talet. På midten av 1200-talet vart dette kvadet teke med i Karlamagnus saga, ei norrøn attforteljing på prosa om heltegjerningane til Karl den store. Grunnlaget for folkevisa er historia om Runzival-striden i sagaen. Ronsevollen er ei fornorsking av det franske stadnamnet Roncesvalles (nyfransk Roncevaux).

I visa møter vi den historiske personen Roland som var ein av Karl den stores «tolv jamningar», altså kongens næraste menn. Roland hadde eit berømt horn som heitte Olifant. Ifølgje sagaen bles Roland så hardt i hornet at ein kunne høyre det 15 franske mil unna.

Del I

1.
«Seks mine jallar heime vere,
gøyme det gullet balle, —
are seks på hei'ings-londo
røyne dei jønni kalle!»

2.
Dei vunde opp sitt silkjesegl
så hågt i sigle-rå,
så sigler dei åt hei'ings-londo
i virkevikune två.

3.
Årine og ankare
toke i kvite sand:
det var Roland, konungsfrenden,
tro den fysste på land.

Del II

4.
Det var blåmanns-heri
fjøll og dalar fyllte:
«Det er kappar or kristne londo
skin'e som hjelmen gyllte!»

5.
Det var blåmanns-kongjen,
toss hava livt så lengje:
«Dei heve hardfang kristen manns
som skatten kons heve fengji.

6.
Kunne me kje skatten kons
av dessom le'e få,
så skò me opp på Ronsevollen,
slåst i dagane två og trjå!»

Del III

7.
Fram sotte blåmanns-fjøldi
ho skygde fyre sol;
då fælte seg alle javningane,
bad Roland blåse i horn.

8.
Roland svara med vreide,
stod or munne skum:
«Eg skò hogge så store hogg
at det sko spørjast til doms.»

9.
Dei solgest ut på Ronsevollen
i dagane två og trjå;
hei'ingan' fall fyr Rolands-sverdet
som storren for go'om ljå.

10.
Dei solgest ut på Ronsevollen
våre dei alle vreide,
hei'ingan' fall fyr Rolands-sverdet
som snjoren driv uti heie.

Del IV

11.
Fram sotte blåmanns-fjøldi
ho skygde fyre sol, —
fælte seg alle jamningane,
bad Roland blåse i horn.

12.
Roland svara dei med hæ'e,
honom rann blod og skum;
«Eg skò hogge så store hogg,
det sko spørjast til doms.»

13.
Dei slogest utpå Ronsevollen,
blodet fløymde som elvi strid:
hestane gat kje på jordi stige,
dei trødde på mannelik.

14.
Dei slogest utpå Ronsevollen,
trøytte drengjir og mode:
soli fekk inkje skine bjart
fyr røykjen av manneblodet.

Del V

15.
Fram sotte blåmanns-fjøldi,
ho skygde fyre sol,
reddast kvor ein javningen
bad Roland blåse i horn.

16.
Han sette luren fyr blogga munne,
bles han i av harde;
ljodet ber av ivi hei og fjøll,
det rivna bå' gjår og jarir.

17.
Sette'n luren fyr blogga munne,
bles han i med vreide;
det skulve torp og garder
i nie døger av leie.

18.
Det var Roland, konungs-frenden,
bles uti gylte horn:
det rivna mur og marmorstein
og Magnus kongjens torn.

19.
Fram så rokk det luraljodet,
det sokk i sliregjengje —
Roland bles si' augo or haus,
så hardt o' hei'ingan trengde.

20.
Det var Magnus kongjen,
brest'e han i å gråte:
"Hot tru felar frenden min?
No høyrer eg luren låte!"

Del VI

21.
Det var Magnus kongjen,
skundar han si ferd:
daud låg Roland kappen
og heldt i hond sitt sverd.

22.
«Gangje tvei av alle ut
og takje med dikkon makar,
sjå om de kan Dvergedolg
av Rolands-hondi taka!»

23.
Att'e kjem'e drengjine,
seier dei i frå:
«Me kunne inkje Dvergedolg
av Rolands-håndi få.»

24.
Fram gjeng Magnus kongjen
med så stor'e trega:
Roland rette sverdet frå seg,
som han vill' kongjen det gjeva.

25.
Fram gjeng Magnus kongjen
med så stor ei trå:
Roland rette sverdet frå seg,
som han vill' kongjen det få.

Del VII

26.
Heim kom Magnus kongjen.
Settest dei alle traude —
skipet var fullt med sylv og gull,
hei'ingan' dei var daude.

27.
«Kvi sitje dé her så mode?
drukne og inkje kåte?
Hava dé på sotto legji,
[...]»


28.
«Du tar inkje, dròningji, undrast
om me hava sorgji fengji»:
låtist hev Roland, konungs-frenden,
og dertil nyte dregjir.

Spørsmål til teksten «Roland og Magnus kongjen»

Teksten er attgjeven med ordforklaringar under oppgåva.

  1. Kva kjenneteiknar dei franske heltedikta (dei som vert omtalte som chansons de geste)?
  2. Kva funksjon hadde desse kvada?
  3. «Soga om Roland og Magnus kongjen» er ei norsk gjendikting av det franske «Rolandskvadet». Korleis vart kvadet kjent også i Noreg?
  4. Gjer kort greie for handlinga i kvadet.
  5. Kven er «Magnus kongjen», og kvifor har han fått dette namnet i den norske omsettinga?
  6. Staden der slaget står, vert i den norske versjonen kalla for Ronsevollen. Kva heiter denne staden på fransk, og kor ligg han?
  7. Kven var det som i norrøn litteratur vart omtalt som «blåmenn»?
  8. Kven var det Roland slost mot på Ronsevollen?
  9. Kvifor stod så mykje på spel i dette slaget?

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff