1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. Høvisk litteraturChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Høvisk litteratur

Høvisk litteratur er litteratur som er knytt til kongen og hoffet. Orda «høvisk» og «høfleg» kjem nemleg av «hoff». Å vere høvisk vil seie å vere danna og høfleg og gå fram på ein edel og moralsk måte.

Illustrasjon frå mellomaldermanuskript som syner Kong Håkon Håkonsson og sonen Magnus. Illustrasjon.
Kong Håkon Håkonsson og Skule Bårdsson. Illustrasjonen er henta frå Flateyjarbók, eit islandsk verk frå rundt 1390.

Norrøn litteratur på 1200- og 1300-talet

Kongsspegelen er ei lærebok i slik høvisk framferd. Ho er utforma som ein dialog mellom far og son. Sonen stiller spørsmål til faren, og faren gir råd om korleis ein ung mann skal te seg, anten han er kjøpmann, riddar eller konge. Forfattaren av Kongsspegelen er ukjend, men han viser stor kunnskap om det han skriv om.

På 1200-talet var kongemakta stor i Noreg, og kong Håkon Håkonsson var interessert i europeisk litteratur. Han fekk omsett ein del fransk og engelsk litteratur til norrønt. Ved det franske hoffet skreiv dei forteljingar på folkespråket, ikkje på latin. Den norske kongen fekk omsett somme av dei til norrønt. Eit eksempel på ei slik forteljing er Soga om Tristram og Isond, som handlar om forboden og tragisk kjærleik. Kong Håkon Håkonsson fekk òg omsett Strengleikar, ei samling kjærleiksnoveller med erotisk innhald.

Handlinga i desse forteljingane går føre seg i eit riddarmiljø ved eit hoff. Derfor kallar vi dei riddarromanar. Riddaren var eit mannsideal på den tida, og desse historiene handlar gjerne om kamp og tragisk kjærleik mellom to som ikkje får kvarandre.

Den kristne litteraturen i norrøn tid omfattar preiker, helgenlegender og kristne kvad. Tekstane vart skrivne ned av prestar, munkar og nonner, og dei brukte latinske bokstavar. Den eldste boka som er funnen, er Gammalnorsk homiliebok. Det er ei bok med utvalde bibeltekstar og preiker.

Oppgåve 1

  1. Kva slags bok er Kongsspegelen?
  2. Kva vil det seie å vere «høvisk»?
  3. Kongsspegelen er utforma som ein dialog. Kven snakkar saman?
  4. Kong Håkon Håkonsson var interessert i litteratur. Kva gjorde han for å fremje europeisk litteratur i Noreg?
  5. Kva handlar riddarromanane om?
  6. Det vart også skrive kristen litteratur i norrøn tid. Kva heiter den eldste boka av dette slaget, som er teken vare på?
Samtale mellom far og son i Kongsspegelen (spela av Arne Torp)

Oppgåve 2

Sjå videoklippet med eit utdrag frå Kongsspegelen.
  1. Kva for råd er det faren gir til ein som vil bli kjøpmann?
  2. Kva krevst det av ein person som vil verte oppfatta som forstandig og danna?
  3. Til høvisk framferd høyrte det også ein høvisk språkbruk. Finn nokre eksempel på høvisk språkbruk i videoklippet.
Isolde og Tristan sit på ein benk og snakkar saman. Tristan held harpa mellom beina. Kong Mark står i bakgrunnen og ser på dei. Måleri.
Tristan speler harpe for Isolde medan kong Mark ser på dei. Måla av Edmund Blair Leighton i 1901.

Oppgåve 3

Handlinga går føre seg i Bretagne, Cornwall og Irland. Kong Mark vil gifte seg med kongsdottera Isolde og sender riddaren Tristan ut for å fri til henne. Etter ei farefull ferd, der han mellom anna må kjempe mot ein eldsprutande drake, klarer Tristan til slutt å få med seg Isolde. Men på ferda heim kjem dei av vanvare til å drikke kjærleiksdrykken som var tiltenkt Isolde og kong Mark, og dei vert bundne til einannan i evig, men tragisk kjærleik.

Oppdrag

Lag ein presentasjon der du gjer greie for bakgrunnen for historia om Tristan og Isolde, og korleis denne forteljinga har sett spor etter seg i mellomaldertekstar i mange europeiske språkområde.

Framfør presentasjonen i klassen. Bruk digitale hjelpemiddel (t.d. PowerPoint, Prezi eller lag ei digital forteljing i videoformat).

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff