Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Den eldre Edda

Den eldre Edda er ei samling helte- og gudedikt som vart funne på Island i 1643. Ingen av eddadikta er signerte av namngitte forfattarar. Forskarane trur at mange eddadikt kan vere skapt i Noreg, men dei er skrivne ned på Island.

Odin på tronen omgitt av ravene Hugin og Munin, og hundene Geri og Freki. Illustrasjon.
Odin med ravnane Hugin og Munin, og hundane Geri og Freki

Oppgåve 1

Den eldre Edda

  1. Ordet edda tyder "oldemor". Kvifor har verket fått dette namnet?
  2. Vi finn to typar dikt i Den eldre Edda. Nemn dei to typane.
  3. Veit vi noko om forfattaren eller forfattarane?
  4. Kva for ei gudeverd blir skildra i i Edda-dikta?
  5. Kva heiter dei tre mest kjende dikta frå Den eldre Edda?
  6. Kva handlar diktet Voluspå om?
  7. Trymskvida er eit gudedikt. Kva er konflikten i dette diktet?
  8. I Håvamål er det Odin som taler. Kva taler han om?

Utdrag frå Håvamål

Versa er henta frå nettstaden Heimskringla, som er oppkalla etter eit verk av den islandske skalden og historieskrivaren Snorre Sturlason. Der kan du kan lese heile Håvamål (på ulike språk!) om du vil. Du finn òg ei rekkje andre eldre tekstar på denne nettstaden.

1.
Augo du bruke
fyrr inn du gjeng,
i kot og i kråom,
i kot og i krokom.
For d'er uvisst å vita
kvar uvener sit
fyre din fot.
Ordforklaringar

fyrr = før
kot = kott; lite, trongt rom
i kråom = i krokane
fyre = framfor, føre

Les mer

6.
Av sin eigen klokskap
kyte ingen,
men ver håvàr i hug.
Når du gløgg og tagal
i gardane sviv,
du kjem ikkje brått i beit.
Ordforklaringar

kyte = skryte
håvàr = blyg, unnseleg
gløgg = observant, blyg
tagal = teiande
sviv = her: vankar, går
i beit = i knipe

7.
Grannvar mann,
til gjestebod komen,
tegjer med andre talar.
Lyder med øyro
og med augo skodar,
veltenkt og fyre var.

Ordforklaringar

grannvar = nøye, varsam
tegje = teie
med = mens
lyder = lyttar
skodar = ser
fyre = føre

11.
Betre byrdi
du ber 'kje i bakken
enn mannavit mykje.
Med låkare niste
du legg 'kje i veg
enn ovdrykkje med øl.

Ordforklaringar

byrdi = byrde, last
mannavit = forstand
låk = dårleg, ille
ovdrykkje = drukkenskap, fyll

12.
Inkje so godt
som godt dei segjer
er øl for manna-ætt.
Di meir du drikk,
di mindre vit
mun du i hausen hava.

Ordforklaringar

inkje = ikke
segjer = seier
manna-ætt = menneska
mun du hava = har du kanskje
haus = hovud, skalle


25.
Vanklok mann
trur vel um alle
som hugblidt mun helse.
Det ser han fyrst
fram til tings komen,
av frendar eig han få.

Ordforklaringar

vanklok = ikke klok
som hugblidt mon helse = som blidt måtte helse
fyrst = først
til tings komen = når han er kommen til tinget
frende = felle, venn, slektning

42.
Venen sin
skal ein vera ven
og løne gåve med gåve.
Til lått skal mann
med lått svara
og møte ljuging med lygn.

Ordforklaringar

lått = latter
lygn = løgn

44.
Veit du ein ven
som vel du trur,
og du hjå han fagnad vil få:
gjev han heile din hug
og gåva ei spar,
far og finn han ofte.
Ordforklaringar

hjå = hos
fagnad = glede; god mottaking
gjev = gi (konjunktiv)
hug = sinn, tanke

55.

Måteleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
For sjeldan er hugnad
i hjarta å finne
hjå honom som ovklok er.

Ordforklaringar

ovklok = altfor klok
hugnad = glede, hyggje
hjå honom = hos han

64.
Makti si må
ein mann med vit
hovsamt og høveleg bruke.
Jamt han det finn
når hjå frøkne han kjem,
at ingen er aller best.

Ordforklaringar

hovsamt = med måtehald
høveleg = slik det passar seg
jamt = til vanleg, ofte
frøken = modig, flink

76.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Men ordet um deg
aldri døyr
vinn du eit gjetord gjævt.

Ordforklaringar

gjetord = ry, rykte
gjæv = framifrå, stor

81.
Um kveld skal du dagen rose,
kona når ho brend er,
gjenta når ho gift er,
geiren når han røynd er,
is når du yver kjem,
øl når det drukki er.

Ordforklaringar

brend = her: etter at ho er død og brend på likbålet
gjenta = jenta
geir = spyd
røynd = velbrukt, erfaren
yver = over

kyte = skryte
håvàr = blyg, unnseleg
gløgg = observant, blyg
tagal = teiande
sviv = her: vankar, går
i beit = i knipe

grannvar = nøye, varsam
tegje = teie
med = mens
lyder = lyttar
skodar = ser
fyre = føre

byrdi = byrde, last
mannavit = forstand
låk = dårleg, ille
ovdrykkje = drukkenskap, fyll

inkje = ikke
segjer = seier
manna-ætt = menneska
mun du hava = har du kanskje
haus = hovud, skalle

vanklok = ikke klok
som hugblidt mon helse = som blidt måtte helse
fyrst = først
til tings komen = når han er kommen til tinget
frende = felle, venn, slektning

lått = latter
lygn = løgn



hjå = hos
fagnad = glede; god mottaking
gjev = gi (konjunktiv)
hug = sinn, tanke

ovklok = altfor klok
hugnad = glede, hyggje
hjå honom = hos han

hovsamt = med måtehald
høveleg = slik det passar seg
jamt = til vanleg, ofte
frøken = modig, flink

gjetord = ry, rykte
gjæv = framifrå, stor

brend = her: etter at ho er død og brend på likbålet
gjenta = jenta
geir = spyd
røynd = velbrukt, erfaren
yver = over

Oppgåve 2

Håvamål

Les strofene fra Håvamål. Kva seier Odin om

  1. korleis ein skal oppføre seg når ein er ute på besøk hos andre
  2. korleis ein skal forholde seg til alkohol
  3. korleis ein skal behandle vennene sine
  4. kvifor det ikkje er bra å vere for klok
  5. korleis ein skal bruke den makta ein har
  6. kva som lever lenger enn mennesket sjølv
  7. korleis det går med den godtruande

Formulér essensen i vers 81 med eigne ord, i éi setning. Kva slags livsvisdom er det eksempla skal formidle?

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff