Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. Nibelungen-eposetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Nibelungen-eposet

Nibelungen-eposet er eit tysk heltedikt som er skrive ned på 1200-talet. I norrøn dikting har helten fått namnet Sigurd Fåvnesbane.

Scene frå Nibelungeneposet. Illustrasjon.
Scene frå Nibelungeneposet. Brünhilde kastar eit sverd mot Gunthers skjold.

Tysk nasjonalepos

Nibelungen-eposet («Nibelungenlied») er eit tysk heltedikt som er skrive ned på 1200-talet. Det vert sett på som det tyske nasjonaleposet. Diktet byggjer på segnmotiv frå folkevandringstida. Stoffet går att i ulike versjonar i heile det germanske språkområdet, både i Tyskland og dei nordiske landa. I norrøn dikting har helten fått namnet Sigurd Fåvnesbane.

Mange underverk er vortne fortalt oss frå gammalt av om heltar verde å prise, om sørgjeleg motgang om glede og fest, om gråt og klage; om strid frå djerve krigarar, no kan de høyre underverka fortalt. (Opningsstrofe frå Nibelungenlied)

Handlinga i eposet

Eposet er delt i to. Første del handlar om helten og kongssonen Siegfried, som vil gifte seg med burgunderprinsessa Kriemhild. Andre del handlar om korleis Kriemhild hemner seg.

les meir om handlinga i eposet

Kriemhild har tre brør, som saman herskar over Burgund. Siegfried kjem til burgundarhoffet og blir teken godt imot. Gunther, den eldste av burgundarkongane, vil dra til Island for å fri til dronning Brünhild. Ho har kjempekrefter og vil berre gifte seg med den mannen som vinn over henne i kamp. Siegfried hjelper Gunther med å få Brünhild. Han har mellom anna ei kappe som gjer han usynleg, og derfor skjønner ikkje Brünhild at ho blir lurt. Etter at Gunther har fått Brünhild, får også Siegfried gifte seg med Kriemhild.

Etter nokre år kjem Kriemhild og Siegfried på besøk til Burgund. Brünhild, som er svært byrg, kranglar med Kriemhild om kven som har høgast rang, Gunther eller Siegfried. Krangelen fører til at Kriemhild røper at det var Siegfried som vann over Brünhild, ikkje Gunther. Brünhild er rasande og sver hemn, og det endar med at Hagen, ein venn av burgundarkongane, drep Siegfried. Gunther og brørne hans gjer ikkje noko for å hindre det. Hagen stel også Nibelung-skatten, ein gullskatt som Kriemhild har fått i morgongåve av Siegfried, og kastar han i Rhinen. Slik vil han hindre Kriemhild i å reise ein hær for å hemne ektemannen.

Andre delen handlar om korleis Kriemhild tek hemn. Ho gifter seg med hunarkongen Atle og ber brørne på besøk. Dei kjem, jamvel om dei aner uråd. Det endar med at alle burgundarane blir drepne, også Kriemhild sjølv, og ingen får nokon gong vite kvar Nibelung-skatten er gøymd.

Sigurd Fåvnesbane

Mange av heltedikta i Den eldre Edda byggjer på dei same segnene som ligg til grunn for den tyske Nibelungenlied. To av dei fortel historia om Sigurd, draken Fåvne og drakeskatten.

Treskjæring fra Hylestad stavkirke. Foto.
Utskjering frå ca. 1175 på portal i Hylestad stavkyrkje syner Sigurd som drep Fåvne.

Sigurd vert oppfostra av dvergen Regin. I diktet «Reginsmål» får vi høyre om skatten som draken Fåvne vaktar over. Fåvne er bror til Regin, og skatten er arven etter far deira, Reidmar. Men Fåvne nektar å dele med bror sin. Då eggjar Regin Sigurd til å drepe Fåvne. Han smir om sverdet Gram, som Sigurd har arva etter faren. Med dette sverdet skal han kjempe mot draken.

«Fåvnesmål» fortel korleis det går til når Sigurd drep Fåvne. Før Fåvne døyr, råder han Sigurd til å dra heim utan skatten fordi gullet kjem til å bli banen hans. Dessutan åtvarar han Sigurd mot Regin.

Etter at Fåvne er død, vil Regin ete hjartet til Fåvne. Han ber Sigurd steikje hjartet til Fåvne over eit bål. Sigurd tek på hjartet for å kjenne om det er fullsteikt. Då brenner han seg, stikk fingeren i munnen og får Fåvnes hjarteblod på tunga. No kan han forstå fuglemål. Fuglane fortel at Regin planlegg å svike han. Då drep han Regin, tek med seg mykje gull frå Fåvnes bol og rir deretter av garde.

Ordforklaring

Bane tyder ‘døden etter drap’, eller ‘noko eller nokon som drep nokon’. Sigurd Fåvnesbane tyder altså at det var Sigurd som drap Fåvne, og «gullet kjem til å bli banen hans» at gullskatten vil vere årsak til at Sigurd vert drepen.

Oppgåve 1

Nibelungen-eposet
  1. Nibelungenlied, eller Nibelungen-eposet, vert rekna som Tysklands nasjonalepos. Når vart eposet skrive ned?
  2. Kor gammalt er stoffet eposet byggjer på?
  3. Kva namn har helten Siegfried fått i norrøn dikting?
  4. Kven er det Siegfried ønskjer å gifte seg med?
  5. I første del av eposet hjelper helten Siegfried vennen Gunther til å få den islandske dronninga Brünhild til kone. Korleis gjer han det?
  6. Korleis finn Brünhild ut at ho har vorte lurt?
  7. Kva gjer ho deretter?
  8. I andre del tek Kriemhild hemn. Kva for lagnad ventar burgundarane, og Kriemhild sjølv?
  9. Kva skjer til slutt med Nibelungen-skatten?
  10. I teksten vert folkegruppene burgundarar og hunarar omtalte. Kor budde desse folka? Søk på Internett etter informasjon.

Oppgåve 2

Musikkoppgåve

I boka om Nibelungen-eposet på Språk- og litteraturhistorisk tidslinje finn du eit lydklipp med musikk av den tyske romantiske komponisten Richard Wagner (1813–1883).

Wagner har laga heile fire operaer baserte på segnstoffet i Nibelungenlied og skikkelsar frå nordisk mytologi. Musikken i klippet er henta frå operaen Die Walküre («Valkyrja»). Operautdrag

  1. Kven var valkyrjene i den norrøne mytologien, og kva slags oppgåve(r) hadde dei?
  2. Sjå opera-utdraget. Kva skjer på scena? Kva er det valkyrjene gjer?
  3. Prøv å finne adjektiv som karakteriserer musikken. Er han for eksempel romantisk, heroisk, roleg, trist, dramatisk, eggjande, roande, glad, intens, avslappande, eller noko anna?

Oppgåve 3

Sigurd Fåvnesbane
Diskuter i klassen:
  1. Kva for verdiar og ideal pregar desse heltane og samfunnet dei levde i?
  2. Høyrer desse verdiane og ideala heime i norrøn tid, eller er det noko vi også kan kjenne att i vår eiga tid?

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff