Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. Dramatiser ei islandsk ættesogeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Dramatiser ei islandsk ættesoge

Sjå ei elevprodusert dramatisering av soga om Gunnlaug Ormstunge. Lag di eiga dramatisering av soga om Gisle Sursson.

I den dramatiserte forteljinga om Gunnlaug Ormstunge har elevane frå Vågsbygd videregående skole valt ut nokre sentrale scener frå ættesoga.

Steg 1: Studer elevproduksjonen

Forteljarstilen i ættesogene skifter mellom referat og scener. Korleis har elevane på Vågsbygd vidaregående skole løyst dette når dei dramatiserer scener frå soga om Gunnlaug Ormstunge?

Steg 2: Dramatiser ei ættesoge

Lag ei tilsvarande dramatisering eller ein filmproduksjon med utgangspunkt i soga om Gunnlaug Ormstunge eller soga om Gisle Sursson.

  • Lag først eit skriftleg manus.
  • Lag deretter eit biletmanus som viser dei ulike scenene (stad, personar, gjenstandar, replikkar, overgangsbilete).
    • Korleis bør overgangen mellom scenene vere for at det skal bli ei samanhengjande forteljing?
    • Kva for dramatiske eller filmatiske verkemiddel kan ein bruke for å framheve eigenskapane til karakterane i forteljinga og få tilskodarane til å leve seg inn i stykket?
  • Filer

  • Publiserer filmen på YouTube.

Tips oss i NDLA om dei filmane de legg ut på YouTube!


Vi vil gjerne lage lenkjer til gode elevproduksjonar.

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale