Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. Ringenes Herre: Ringens BrorskapChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Spillefilm

Ringenes Herre: Ringens Brorskap

Filmen er basert på den første romanen til J. R. R. Tolkien roman (1954) i trilogien om Ringdrotten. Ein eksistensiell kamp mellom det gode og det vonde utspelar seg, og i stridens kjerne er ein magisk ring.

Filmdetaljar

Sjanger: Action, Eventyr

Originaltittel: The Lord of the Rings: The fellowship of the ring

Regi: Peter Jackson

Forfattar: J. R. R. Tolkien

Produsent: Peter Jackson, Barrie M. Osborne, Tim Sanders

Skodespelarar: Sean Astin, Sean Bean, Elijah Wood, Ian Holm, Orlando Bloom, Ian McKellen, Viggo Mortensen, Andy Serkis, Hugo Weaving, Cate Blanchett, Liv Tyler, Christopher Lee, John Rhys-Davies, Billy Boyd, Dominic Monaghan

Manus: Philippa Boyens, Peter Jackson, Stephen Sinclair

Musikk: Howard Shore

Produksjonsselskap: New Line Cinema

Opphav: New Zealand, USA

Om filmen

Filmen fører oss inn i ei stor eventyr- og fantasiverd der vi møter folkeslaget hobbitane som lever fredeleg i Hobsyssel, ein del av verda Midgard. Bilbo er 111 år, ein ikkje uvanleg alder for ein hobbit, og han fann for lenge sidan ein magisk ring inne i Tåkefjella. Bilbo har alltid halde ringen skjult, og han har brukt den magiske krafta til å løyse vanskelege oppgåver. Berre trollmannen Gandalv visste om ringen. På sine gamle dagar, før Bilbo skal forlate Hobsyssel, overbeviser Gandalv Bilbo om at han bør overlate ringen til nevøen Frodo. Den vonde trollmannen Sauron, som skapte ringen og er herskar i det vonde riket Mordor, merkar at ringen er gjenoppdaga ved at han kan føle kvar gong nokon set ringen på ein finger. Gandalv skjønar at ringen må øydeleggjast for at den skal miste krafta til Sauron, slik at han ikkje får herredømme over heile verda. Den einaste måten å øydeleggje ringen på, er å kaste han i elden i juvet ved Dommedagsfjellet i det vonde Mordor.

Om forfattaren

John Ronald Reuel Tolkien (1892–1973) blei fødd i Sør-Afrika og arbeidde som professor i engelsk språk og litteratur ved Universitetet i Oxford fra 1915–59. Han elska å fortelje eventyr for barn, og på 30-talet skreiv han sjølv eventyr om hobbiten Bilbo Lommelun. I 1937 blei eventyret utgitt som bok under tittelen Hobbiten. Boka blei ein stor suksess. Det var kimen til det som skulle utvikle seg til eit bokverk i tre band om Ringdrotten. Historia har mange detaljar og er svært omfattande. Tolkien brukte 11 år på å skrive verket. I 1954 kom første bok (Ringdrotten: Ringens brorlag) og andre bok (Dei to tårna) i trilogien. Den siste boka (Kongens atterkome) kom i 1955. Denne trilogien blir rekna som den mest selde og lesne romanen i verda.

Allegoriar og symbol

En allegori er ei biletleg framstilling av eit fenomen eller eit abstrakt omgrep. I ein allegori er ei framstilling eit symbol på noko anna eller ei betyding på eit høgare nivå. Historia om Ringdrotten kan delast inn i mindre fortelljngar, til dømes danninga av Ringens brorlag, vegen til Kløvendal, kampane mellom brorlaget og den vonde trollmannen Sauron med meir. Ved å nærlese kvar fortelljng, kan lesaren tenkje seg at personar og hendingar står for noko anna enn det som konkret blir framstilt i forteljinga. Hos lesaren blir det danna ei historie som gir rom for tolkingar.

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff