Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Snorres kongesoger

Heimskringla er forteljingane om dei norske kongane fra 800-talet og fram til 1200-talet, fortalt av islendingen Snorre Sturlason.

Heimskringla

Islendingen Snorre Sturlason har skrive eller redigert det viktigaste historiske verket i den norrøne epoken. Verket heiter Heimskringla («Kringla heimsins» på norrønt). Verket vert også kalla Snorres kongesoger fordi det inneheld sogene om dei norske kongane frå Halvdan Svarte, som levde midt på 800-talet, og fram til kong Sverre, som levde på same tid som Snorre.

Christian Krohgs tegning av Snorre Strulason i heimskringla. Illustrasjon.
Snorre Sturlason teikna av Christian Krohg

Det er ulike meiningar om Snorre har skrive alle sogene i Heimskringla sjølv, eller om han vore ein slags «redaktør» og også teke med soger som andre har skrive. Nyare forsking stør redaktør-teorien.

I denne boka lét eg skrive ned fråsegner om hovdingar som har hatt rike i Nordlanda, og som har talt nordisk språk, slik eg har høyrt kunnige menn fortelje, og også om nokre av ættene deira, slik det har vorte meg fortalt. [...] ( Sitat frå Snorres fortale til Heimskringla, fritt omsett)

Heimskringla byrjar med soga om den svenske kongeslekta ynglingane. Her fører Snorre den nordiske kongerekkja attende til eit mytologisk opphav. Odin og fleire andre norrøne gudar vert omtalte som historiske personar som utfører djerve bragder. Dette er eigenskapane som sidan kjenneteiknar dei kongsemnene som nedstammar frå gudane i ættledd etter ættledd. «Ynglingesoga» er på den måten med på å legitimere den posisjonen kongen hadde i det norrøne samfunnet.

Dei øvrige kongesogene fortel om personar som vi faktisk veit har levd, men dei er likevel ei blanding av fakta og dikting. «Soga om Olav den heilage» er den mest omfattande. Ho utgjer om lag ein tredel av innhaldet i Heimskringla.

Snorre Sturlason

Snorre kom frå ei mektig islandsk ætt og levde i første halvdelen av 1200-talet. Han var hovding og vart den rikaste mannen på Island då han gifta seg med ei velståande enkje.

Snorre var svært ambisiøs og prøvde å verte representant for den norske kongen på Island. For å nå dette målet søkte han støtte hos andre mektige menn på Island. Men planane hans slo feil, og Snorre vart drepen på garden sin av ein leigemordar, utsend av kong Håkon Håkonsson i 1241.

Soger i Heimskringla

  1. Ynglingesoga
  2. Soga om Halvdan Svarte
  3. Soga om Harald Hårfagre
  4. Soga om Håkon den gode
  5. Soga om Erikssønene
  6. Soga om Harald Gråfell
  7. Soga om Håkon jarl
  8. Soga omOlav Tryggvason
  9. Soga om Olav den heilage
  10. Soga om Magnus den gode
  11. Soga om Harald Hardråde
  12. Soga om Kyrre
  13. Soga om Magnus Berrføtt
  14. Soga om Magnussønene
  15. Soga om Magnus Blinde og Harald Gille
  16. Soga om Haraldssønene
  17. Soga om Håkon Herdebrei
  18. Soga om Magnus Erlingsson

I den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket kan du bla i Snorres kongesoger i moderne omsetting: Snorres kongesagaer

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff