Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. Trymskvida ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Trymskvida

Gudediktet «Trymskvida» handlar om at jotunen Trym stel hammaren til Tor, og korleis æsene får hammaren tilbake.

Loke flyr til Jotunheimen i Frøyas fjærdrakt. Illustrasjon.
Illustrasjonen til W.G. Collingwood syner Loke som flyg til Jotunheimen etter å ha lånt fjærdrakata til Frøya. Men hammaren til Tor får han ikkje. Trym vil ha Frøya til kone. Viss ikkje, får ikkje æsene hammaren attende.

Tor og Loke dreg til Jotunheimen

Gudediktet «Trymskvida» handlar om jotunen Trym som stel hammaren til Tor. Hammaren er både eit forsvarsvåpen og eit fruktbarheitssymbol for æsene, derfor er det svært viktig for Tor å få han attende. Men sjølv om gudane altså må løyse eit alvorleg problem, er handlinga skildra med mykje humor.

Trymskvida (utdrag)

0:00
Opplesing av den første og dei to siste strofene av gudediktet Trymskvida.

Trym, kongen over tussane i Jotunheimen, gir æsene beskjed om at dei berre kan få hammaren tilbake dersom han får Frøya til kone. Men når Tor og den listige medhjelparen hans, Loke, foreslår dette for Frøya, nektar ho blankt:

13

Vreid vart daa Frøya,
so ho frøste,
og aasa-salen
all han bivra.
Ned spratt bjarte
brisinga-mene.
«Manngal dei meg
meiner vera,
um eg ek med deg
til Jøtunheimen.»

Ordforklaring

  • vreid – sint
  • aasasalen – salen der æsene oppheld seg
  • bivre – riste
  • brisninga-mene – Frøyas smykke
  • ek –fer, dreg

Heimdall har ein god idé

Guden Tor utkledd som brud. Illustrasjon.

Men guden Heimdall veit råd. Han foreslår at Tor kler seg ut som Frøya og dreg til Jotunheimen for å møte Trym. Når han så får tak i hammaren, vil nok alt ordne seg.

16.

Late um honom
lyklar ringle
og kvende-klæde
um kne falle,
paa brjoste setje me
breide steinar,
og haglegt binde me
hovud-toppen.

Macho-guden Tor er ikkje så glad for å iføre seg brudeutstyret og andre fysiske attributtar som må til for å framstå som kvinne:

17.

Kvad det Tor,
den trauste aas:
«Kjering vil daa
kalle meg æsir,
lèt eg meg binde
med brure-lin.»

Men Loke minner Tor om kva som står på spel:

18.

Kvad daa Loke,
Lauvøy-sonen:
«Teg deg, Tor,
tala kje dette;
snart kjem jøtnar
til Aasgard byggje,
um inkje din hamar
du heimtar att.»

Ordforklaring

  • lyklar – nøklar (kvinnene bar nøklar i beltet sitt)
  • brjostet – brystet
  • aas, æsir – slik vart dei norrøne gudane i Åsgard omtalt
  • Lauvøy-sonen – Loke var son til Lauvøy
  • jøtnar – jotnar

Oppgåve 1

  1. Les den omsette versjonen av Trymskvida på Wikisource.org: Trymskvida
  2. Skriv eit resymé av handlinga i dette gudediktet.

Oppgåve 2

  1. I «Trymskvida» møter vi mange æser og jotnar frå den norrøne mytologien. Forklar kva for funksjon og eigenskapar desse mytiske figurane har:
    • Tor (også omtalt som Vingtor eller Lorride)
    • Odin
    • Frøya
    • Heimdall
    • Loke
    • Trym
  2. Rimmønsteret i Trymskvida er prega av alliterasjon.
    • Forklar kva omgrepet tyder.
    • Finn eksempel på alliterasjon i utdraga frå teksten.

Oppgåve 3

«Trymskvida» eignar seg godt for dramatisering. Her er nokre eksempel på elevproduksjonar som er publiserte på YouTube:

Vurder desse munnlege framføringane av eit norskfagleg emne.

Stikkord for vurdering:

  • I kva grad gir framføringa tilskodarane ei betre forståing av innhaldet i gudediktet «Trymskvida»?
  • I kva grad viser framføringa forståing av gudedikt og norrøn mytologi som norskfaglege tema?
  • Kommuniserer denne framføringa med mottakarane? Kvifor? / Kvifor ikkje?

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff