Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. Tor og bukkaneChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Tor og bukkane

Innhaldet i gudedikta i Den eldre Edda er først og fremst henta frå den norrøne mytologien. Dramatiser ei mytisk forteljing med utgangspunkt i historia om Tor og bukkane.

Tor finn ut at bukken er halt. Illustrasjon.
Tor finn ut at ein av bukkane er halt, illustrert av Lorentz Frölich 1895.

Lytt til opplesinga frå Gylvaginning i Snorres Edda:

Tor og bukkane

0:00
Tor og bukkane

Sjå gjerne TV-programmet Vår gamle gudelære: Den klokeste og den sterkeste 2:4

Dramatiser ei mytisk forteljing

Førebuing

  1. Lytt til forteljinga om Tor og bukken.
  2. Lag ei liste over persongalleriet (hugs bukkane Tanngnjost og Tanngrisne!)
  3. Sjå videoklippet frå TV-serien Vår gamle gudelære og skriv ned viktige stikkord for:
    • dei eigenskapane guden Tor vart tillagd
    • dei gjenstandane Tor omgav seg med, og som gav han magiske krefter
  4. Søk på nettet etter informasjon om Tjalve. Kva for spesielle eigenskapar hadde han?
  5. Les blogginnlegget Hvem var Roskva?
  6. Skriv forteljinga om Tor og bukkane om til eit drama. Pass på at alle gruppemedlemmene får nokre replikkar (også bukkane!)
  7. Finn enkle kostyme og lag dei rekvisittane som de har bruk for i dramatiseringa.
  8. Øv på framføringa, og gi kvarandre råd om korleis rollene kan spelast.

Framføring i klassen

Kvar gruppe framfører si dramatisering for resten av klassen. Dersom de har tid og høve, kan de i staden lage ein film som de viser for klassen.

Etterarbeid i klassen

Kvar gruppe får ansvaret for å gi tilbakemelding på framføringa til minst ei anna gruppe. Fokuser på:

  • dei dramaturgiske grepa som gruppa brukte
  • måten rolla som Tor med hammaren vart tolka på

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff