Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Norrøn tidChevronRight
  5. BeowulfChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Beowulf

Beowulf er eit angelsaksisk heltekvad. Kvadet er rekna for å vere det engelske nasjonaleposet og er det viktiaste enkeltverket frå angelsaksisk tid (om lag 400–1066). I denne oppgåva skal du samanlikne nasjonaleposet Beowulf og filmen Hobbiten: Smaugs ødemark.

To menn ser intenst på hverandre i dunkel belysning. Foto.
Scene frå filmen Beowulf (2007)

Kvadet er skrive på gammalengelsk (angelsaksisk), som er eit vestgermansk språk. Angelsaksarane er etterkommarar av germanske stammar frå Nord-Tyskland og Jylland som invaderte England mellom 400 og 600. Forskarane meiner at teksten først vart overlevert munnleg, og at han er skriven ned mellom år 700 og år 1000. Diktaren er ukjend.

Handlinga i eposet

Hjelm fra 600-tallet. Fotografi.
Svensk jernhjelm frå 600-talet.

Handlinga i eposet er lagd til Danmark og Sverige i urnordisk tid. Uhyret Grendel herjar i riket til danskekongen Hrothgar. Kvar natt heimsøkjer Grendel kongshallen og drep kongens menn. Då dreg helten Beowulf ut for å hjelpe Hrothgar. Han kjempar først ned Grendel og deretter mor hans, som prøver å hemne sonen. Seinare vert Beowulf konge i heimlandet sitt, Gautland (kanskje dagens Götaland i Sør-Sverige).

Siste del av kvadet skildrar korleis han dreg ut saman med mennene sine for å drepe ein drake som øydelegg landet hans. Men det er berre éin av mennene som tør å møte draken saman med han. Beowulf greier å ta livet av draken, men vert sjølv drepen. Han vert så hauglagd av mennene sine.

Bla i ei moderne og illustrert utgåve av heltediktet Beowulf.

Samfunnsforhold og verdisyn

Samfunnet som skildrast i eposet, legg stor vekt på eigenskapar som ærekjensle og mot. Oppgåva til kongen er å forsvare landet. Derfor treng han menn som gjer krigsteneste for han, og han lønner dei med våpen, rikdommar og land. Krigarane er høgt verdsette i denne typen samfunn.

Helten Beowulf er prega av ei sterk lagnadstru. Han er overtydd om at det er lagnaden som avgjer når han skal døy. Denne lagnadstrua er djupt forankra i germansk krigertradisjon. Vi finn den same trua i dei norrøne heltedikta og i islendingesogene.

Oppgåve 1

  1. Korleis meiner forskarane at eposet har vorte til?
  2. Kva språk er kvadet skrive på?
  3. Beowulf er helten i kvadet. Kva er stordåden hans?
  4. Korleis går det med Beowulf til slutt?
  5. Kva forhold har Beowulf til lagnaden?
  6. Kva slags samfunn vert skildra i dette kvadet?
  7. Alle stammar og nasjonar har segner og mytar som stadfestar kven dei er og kor dei kjem frå, og som formidlar tenkjemåtar og verdiar som er viktige for dei. Kvifor trur du «Beowulf» har fått status som engelsk nasjonalepos?

Oppgåve 2

Den engelske forfattaren J.R.R. Tolkien var sterkt inspirert av «Beowulf» då han skreiv Hobbiten og Ringenes herre. Tolkien var professor i litteratur i Oxford. Ringens brorskap er det første av tre bind i den episke romanen Ringenes herre.

Filmen Ringens brorskap (2001) er ei filmatisering av eventyrromanen til Tolkien. Sjå filmen og diskuter i klassen:

  • Kva har denne filmen felles med det gamle engelske helteeposet «Beowulf»?

Stikkord:

  • eigenskapar ved helten
  • egenskaper ved dei helten kjempar mot
  • miljøet handlinga er lagd til
  • mytiske førestillingar
  • tru på lagnad
  • verdisyn

Læringsressursar

Norrøn tid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Europeisk høgmellomalder, 1000–1350

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sigurd Jorsalfare dreg til Jerusalem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Norrøn mytologi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høvisk litteratur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dramatiser ei islandsk ættesoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva fortel teksten om forfattar og samtid?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Vurderingsressurs

  • AssessmentResourceVurderingsressurs

    Kva kan du no om heltedikt og gudedikt?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for vurderingsressurs.

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Litterære tekstar frå norrøn tid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ringenes Herre: Ringens Brorskap

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff