Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Samisk og kvensk litteratur og kulturChevronRight
  5. Kvensk litteraturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvensk litteratur

I eldre tider bestod den kvenske litteraturen av munnlege songar og forteljingar. Den skriftlege kvenske litteraturen finst i dag både i norsk og kvensk språkdrakt.

Kvensk litteratur

Kvenlitteratur kan delast inn i to hovudgrupper: tidleg kvensk litteratur og moderne kvensk skjønnlitteratur. Det er viktig at kvenlitteratur blir oppfatta så ope som mogleg utan at omgrepet mister dei etniske og kulturelle kjenneteikna sine, som skil han frå den øvrige litteraturen i nordområdet.

Tidleg kvensk litteratur

Den første kategorien gjeld hovudsakleg dei gamle og tradisjonelle kvenske kulturtradisjonsformene. Dette området omfattar den eldste tradisjonen, som folkedikting og forteljingar, folke-, barne- og sjømannssongar og religiøse tekstar, talar og songar som er munnleg overleverte. I tillegg vil halvdokumentariske verk, reiseskildringar og finskspråklege aviser i Noreg vere inkluderte i denne kategorien.

Moderne kvensk skjønnlitteratur

Moderne kvensk skjønnlitteratur er skriven både på norsk og kvensk. I samband med moderne kvensk skjønnlitteratur vil definisjon vere basert på tematikken i verka i staden for forfattaren sin etnisitet. Kvenforfattaren sin etnisistet/identitet kan bestå av kvensk, norsk og samisk bakgrunn og påverknader. Derfor er det nødvendigvis ikkje klart kven som er kven og kven som ikkje er det. I tillegg kan forfattaren sin identitet forandre seg fleire gonger gjennom livet.

I samband med moderne kvensk skjønnlitteratur bør ein konsentrere seg om tematikk knytt til den generelle opplevinga av det å vere kven: Korleis karakteriserer ein kvensk identitet, forholdet innad i gruppa og til andre etniske grupper i området? Då vil etnisitet ikkje vere forfattaren sin medfødde eigenskap, men den posisjonen han vel.

Forfatter med bok i blomstereng. Foto.
Forfattaren Alf Nilsen-Børsskog skreiv romanane og diktsamlingane sine på kvensk, og bidrog med dette til å utvikle eit eige kvensk skriftspråk. Kvensk fekk i 2005 status som offisielt minoritetsspråk i Noreg.

Kvenske forfattarar

Den norskspråklege kvenlitteraturen omfattar nokre få forfattarar. Dei mest kjende er Idar Kristiansen, Hans Kristian Eriksen og Bente Pedersen. Kvenlitteratur består likevel også av forskjellig tekstmateriale og tekstsamlingar som Niin saapi sanoa (1987), som er vorten redigert av Olav Beddari, og Ei hiva tøtta (1994), redigert av Reidun Mellem. Fleire av tekstane i desse samlingane er publiserte både på finsk og norsk.

Den kvenskspråklege skjønnlitteraturen har vakse i dei siste åra etter at Alf Nilsen-Børsskog sin første roman, Kuosuvaaran takana, kom ut i 2004. Etter kvart gav Alf Nilsen-Børsskog ut tre romanar og fem diktsamlingar. Agnes Eriksen har skrive to barnebøker på kvensk, som blei gjevne ut i 2011 av Ruija Forlag. Mange fleire manus er klare for utgiving, men utan øyremerkte middel til kvensk litteratur er det vanskeleg å finansiere utgivingar.

Læringsressursar

Samisk og kvensk litteratur og kultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Marja Bål Nango

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale