Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Samisk og kvensk litteratur og kulturChevronRight
  5. Hels på eit dikt!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Hels på eit dikt!

Les eit samisk dikt som er omsett til norsk, og sjekk kva du forstår av teksten.

Tåka ligger nede i skogen. Foto.

Rop til meg!

Eg er bortført, eg er på villspor
Eg finn ikkje attende dit eg høyrer til
Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Rop til meg så eg lettare
kan følgje spora tilbake
Rop til meg og ta meg
heim til deg

Eg har venta lenge no
eg er på leit
Eg finn inga trøyst lenger
Er eg forsvunnen?
Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Heioleilo unnskyld for at eg let deg gå

Forfattar: Ella Marie Hætta Isaksen. Teksten er publisert med tillating frå forfattaren. Lisens: copyright

Oppgåve 1

Kor godt synest du at du skjønte du denne teksten? Vurder forståinga di på denne skalaen:

  1. Eg skjønte ingenting
  2. Eg skjønte litt
  3. Eg skjønte mykje
  4. Eg skjønte veldig mykje

Oppgåve 2

Er du på sporet av noko? Les teksten ein gong til og jobb med desse spørsmåla:

  1. Var det nokon ord du ikkje forstod?
  2. Kor mange positivt ladde ord eller uttrykk finn du i diktet? Noter dei.
  3. Kor mange negativt ladde ord eller uttrykk? Noter dei også.
  4. Korleis er styrkeforholdet mellom positivt og negativt ladde ord?
  5. Kva har dette styrkeforholdet å seie for stemninga i diktet?
  6. Kva slags forhold har det lyriske eg-et til staden det kallar “heim”?
  7. Kvar kan “heime” vere? Kom med forslag.
  8. “Rop til meg”, “ta meg heim til deg”, ber det lyriske eg-et. Kven er det eg-et snakkar til? Kom med forslag.
  9. Kan du finne nokon adjektiv som beskriv korleis eg-et kjenner seg?
  10. Kva er inntrykket ditt av denne teksten så langt? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 3

Lag ei liste over norskfaglege omgrep som du kan få bruk for når du skal beskrive og analysere dette diktet.

  1. ...........................
  2. ...........................
  3. ..........................
  4. osv.
Tips
  • Står du fast? Her er det lurt å hente fram fagomgrep som form, motiv, tema, lyrisk eg, språkleg bilete, symbol, metafor, gjentaking, linje, avsnitt, strofe, kontrast, besjeling, personifisering, rim og rytme osv.
  • Sjekk også at du er heilt trygg på hva fagomgrepa tyder!

Læringsressursar

Samisk og kvensk litteratur og kultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Marja Bål Nango

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale