Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Samisk og kvensk litteratur og kulturChevronRight
  5. Hilbes biigáChevronRight
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Marja Bål Nango

Marja Bål Nango (1988–) er ein samisk kunstnar og filmskapar. Fleire av filmane hennar er vortne viste på filmfestivalar i inn- og utland. Filmutdanninga si har ho frå Nordland kunst- og filmfagskole og film- og fjernsynsvitskap ved Høgskolen i Lillehammer.

Marja Bål Nango, videohelsing Tampere Film Festival

Nango vart årets unge kunstnar under den internasjonale urfolksfestivalen Riddu Riđđu i 2011. I 2015 fekk ho debutantprisen Skårungen for kortfilmen Hilbes biigá. Skårungen er ein pris på 25 000 kroner som blir delt ut av Nordnorsk filmsenter.

Andre utmerkingar og nominasjonar

  • nominert til Tromsøpalmen (2015) ved Tromsø International Film Festival (TIFF), ein pris som blir delt ut til den beste filmen i sideprogrammet Film fra nord
  • tildelt den svenske UR-prisen (2015)
  • plukka ut til å delta i konkurranseprogrammet ved både Kortfilmfestivalen i Grimstad og Nordisk Ungdoms Filmfestival

«Halvt ditt og halvt datt»

Nangos dokumentarfilm «Halvt ditt og halvt datt» (2011) undersøkjer kva det vil seie å vere fleirkulturell. Filmen presenterer intervju med personar som høyrer til fleire kulturar. Han diskuterer spørsmål som:

  • Kan ein same gifte seg med ein nordmann?
  • Kan barnet mitt gå med bunad?
  • Kva for språk skal vi snakke heime?

Sjå innslag om filmen «Halvt ditt og halvt datt» på NRKs distriktsnyheter Nordnytt.

Til refleksjon: Kva vil det seie å vere fleirkulturell? Kva for fordelar og ulemper kan det ha å vekse opp i ein fleirkulturell familie, der ein av foreldra er norsk medan den andre er frå ein annan kultur?