Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Samisk og kvensk litteratur og kulturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hilbes biigá

Det er lite som er «typisk samisk» ved Hilbes biigá. Likevel speglar denne kortfilmen av ung samisk verkelegheit i dag. Filmen er vorten vist på ei rekkje filmfestivalar rundt i verda og har vunne fleire prisar.

Handling

Femten år gamle Máigon og den beste venninna hennar Ánne-Sire lever i ei lita bygd på den arktiske tundraen. Det er sommar, midnattssola skin, og nettene er nattelause. Den noko naive Máigon blir utfordra av den meir erfarne Ánne-Sire til å gjere seksuell debut. Máigon kjenner seg pressa, men ho har sin eigen plan: ein roadtrip til Sverige, men ikkje utan risiko. Hilbes biigá er ein pønkete roadmovie om venskap, seksualitet, grenser, press og ikkje minst lengsel.

Venskap og sjalusi

Regissør Marja Bål Nango og filmen hennar har vunne fleire prisar, blant anna debutantprisen Skårungen under Tromsø filmfestival 2015. Juryen meinte filmen var modig, med tema som vedkjem ungdom:

Årets Skårunge har klart å skape et modig og direkte portrett av vennskap og sjalusi. En film som tar opp store og komplekse tema, og viser indre følelser i tilsynelatende små øyeblikk i livet. Årets vinner får også uerfarne skuespillere til å gi energiske opptredener og liv til karakterene.

Samisk film i vinden

Sidan etableringa av Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) i Kautokeino i 2009 har samisk film for alvor vorte lagd merke til. Hilbes biigá er ein del av det anerkjende filmprogrammet «7 Sámi Stories», som til no har vist sju samiske kortfilmar på over 70 filmfestivalar over heile verda.

Hilbes biigá har fleire likskapstrekk med den svenske spelefilmen Fucking Åmål (1998), av regissør Lukas Modysson. Fucking Åmål skildrar ungdomsmiljøet i ein liten tettstad i Nord-Sverige.

Læringsressursar

Samisk og kvensk litteratur og kultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Marja Bål Nango

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale