Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lyrikaren Tomas Tranströmer

Nobelprisen i litteratur for 2011 gjekk til den svenske lyrikaren Tomas Tranströmer. Nobelkomitéen uttalte at han fekk prisen "för att han i förtätade, genomlysta bilder ger oss ny tillgång till det verkliga".

Psykolog og diktar

Tomas Gösta Tranströmer er fødd i Stockholm den 15. april 1931. Han er utdanna psykolog og har i mange år delt tida si mellom å arbeide som psykolog og som forfattar.

Tranströmer har blant anna jobba med ungdomskriminelle i svenske fengsel. Fleire litteraturkritikarar har nettopp peikt på ein samanheng mellom diktaren sine erfaringar frå dette arbeidet, og klokskapen, finkjensla og den psykologiske innsikta ein kan merke i mange av dikta hans.

Tomas Tranströmer er også ein dyktig pianist, og musikalitet og rytme pregar mange av dikta hans.

Femti år med dikterisk produksjon

Tomas Tranströmer, portrett fra 1955
Tomas Tranströmer som 24-åring i 1955, året etter at han debuterte som lyrikar.

Tomas Tranströmer debuterte i 1954 med samlinga 17 dikter. Samlinga vekte oppsikt, blant anna fordi ho inneheldt dikt i bunden form. Tranströmer byrja snart å eksperimentere og bruke friare former. Han blir i dag rekna som ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon.

Tranströmer har skrive ei rekkje diktsamlingar. Den siste, Den stora gåtan, kom ut i 2004. Han har også gitt ut omsetjingar av dikt, memoarar og brevvekslingar med forfattaren Robert Bly. Tranströmers dikt vart omsett til engelsk allereie på 1960-talet. På 1970- og 1980-talet drog han på ei rekkje opplesingsturnear, blant anna til USA.

I 1990 vart Tomas Tranströmer ramma av slag. Slaget svekte taleevna hans og gjorde han delvis lam, men han har likevel halde fram med å skrive dikt. På NRKs nettsider kan du sjå ein kort videoreportasje og lese meir om Tranströmers liv og verk.

Det gåtefulle livet

Tranströmer nyttar gjerne konkrete, enkle bilete frå kvardag og verkelegheit. Men bileta fortel noko om grunnleggjande eksistensielle spørsmål og om allmennmenneskelege tilhøve.

Tranströmers dikt formidlar ofte ei oppfatning av at eksistensen vår eigentleg er eit stort mysterium. Underliggjande spørsmål i mykje av det han skriv er med andre ord: Kva er eit menneske? Korleis kan vi orientere oss i ei mangfaldig og til dels gåtefull verd?

"Två sanningar närmar sig varann. En kommer inifrån, en kommer utifrån och där de möts har man en chans att få se sig själv."

Fortetta bilete

Tranströmer er kjend for å bruke få ord, og dei poetiske bileta er fortetta og ladd med meining. Slik skaper han rom for lesaren og lèt lesaren vere meddiktar, på same tid som han nektar å gi lesaren endelege, eintydige svar. Tranströmers prosadikt " Madrigal" frå 1989 byrjar til dømes slik: "Jag ärvde en mörk skog dit jag sällan går. Men det kommer en dag när de döda och levande byter plats. Då sätter sig skogen i rörelse."

Mørk skog
Kva slags skog er dette? Finst han i den ytre verda eller i eg-personen sitt indre? Kva er det som ventar eg-personen i denne mørke skogen? Desse spørsmåla må lesaren sjølv finne svaret på.

"Tiden är ingen raksträcka utan snarare en labyrint, och om man trycker sig mot väggen på rätt ställe kan man höra de skyndande stegen och rösterna, kan man höra sig själv gå förbi där på andra sidan."

Ein verdig prisvinnar

Tranströmer er ein diktar som vert lesen i mange land, og han har lesarar i alle alders- og samfunnsklassar. Diktsamlingane hans er omsette til om lag 60 språk.

Han er også ein prislønt forfattar og har motteke dei fleste av dei gjevaste prisane i Norden for lyrikken sin, blant anna Svenska Akademiens nordiska pris, Nordisk råds litteraturpris og Nobelprisen i litteratur.

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale