Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Arto Paasilinna: Kollektivt selvmord

Den finske forfattaren Arto Paasilinna er svært populær både i Finland og i Noreg. Kollektivt selvmord er ein av dei mest kjende romanane hans.

Solnedgang i skogen

Oppgåve 1

Den finske forfattaren Arto Paasilinna er svært populær både i Finland og i Noreg. Kollektivt selvmord er ein av dei mest kjende romanane hans.

  1. Lytt til tekstutdraget frå første kapittel i romanen Kollektivt selvmord. Korleis skildrar forfattaren den finske folkesjela?
  2. Korleis stemmer denne skildringa med mytane vi nordmenn har om finnar?
  3. Arto Paasilinna bruker ofte humor og ironi som verkemiddel i tekstane sine. Finn døme på dette i tekstutdraget.

Oppgåve 2

Finn informasjon om Arto Paasilinna på Internett.

  1. Kor vaks han opp, og kva jobba han med før han vart skjønnlitterær forfattar?
  2. Kva for andre bøker har han skrive, og kva handlar dei om?
  3. Kva er typisk for romanane til Arto Paasilinna?

Oppgåve 3

  • Ta ein tur på skulebiblioteket. Kor mange av bøkene til Paasilinna fann du der? Spør bibliotekaren om det er råd å få tak i fleire romanar av Paasilinna.
  • Lag ein lesesirkel i klassen. Kvart medlem les ei bok av Paasilinna. (NB! Desse bøkene er både lettlesne og morosame!)
  • Opprett ein lesesirkelblogg. Kvart medlem i lesesirkelen publiserer ein kort bloggomtale av den boka han eller ho har lese.

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale