Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Per Olov Enquist: Musikantenes uttog

Den svenske forfattaren Per Olov Enquist har skrive både skodespel, noveller og romanar. Musikantenes uttog (1978) handlar om framveksten av den svenske arbeidarrørsla. Miljøskildringa er henta frå forfattaren sin eigen oppvekst i eit pietistisk miljø i Västerbotten.

Politi i konforntasjon med svenske arbeidere som demonstrerer på slottsbakken i 1917. Mannen med stokken Hjalmar Branting, som skynte seg fra Riksdagshuset for forsøke å roe ned den opphissede folkemassen.
Politi i konfrontasjon med svenske arbeidarar som demonstrerer på slottsbakken i Stockholm i 1917. Mannen med stokken er politikaren Hjalmar Branting, her på veg frå Riksdagshuset for å forsøkje å roe ned den opphissa folkemassen. I 1920 vart Branting den første sosialdemokratiske statsministeren i Sverige.

Nokre av dei mest kjende romanane er Legionärerna (1968), Musikantenes uttog (1978), Livläkarens besök (1999) og Lewis resa (2001).

Lær meir om forfatterskapen hans: Bokprogrammet spesial: Per Olov Enquist

Musikantenes uttog går føre seg i eit arbeidar- og husmannsmiljø i Västerbotten i åra 1903–1910. Til denne gudfryktige utkanten kjem den sosialdemokratiske agitatoren Elmblad, ein mann arbeidarane i bygda er fiendtleg innstilte til.

Oppgåver

Les kapittel 1 (s. 9–16) av romanen Musikantenes uttog. Svar deretter på spørmåla nedanfor.

  1. Kva trur du ein "buring" er? Kva er det som gjer at guten forstår at den mannen han møter, ikkje er ein buring? Kvifor er det viktig for guten å fastslå om mannen er ein buring, ein stockholmar eller ein framand?
  2. Kvifor tek guten på seg oppdraget den framande mannen gir han? Korleis reagerer guten på dette oppdraget?
  3. Guten stoppar berre éin stad på vegen. Kvifor er denne staden viktig for han? Finn andre døme i tekstutdraget som viser at guten er oppseda i eit strengt, pietistisk miljø.
  4. Guten opplever eit etisk dilemma. Kva går dette ut på?
  5. På s. 14 i kapittel 1 formulerer forfattaren det guten tenkjer, slik:
    "Tre lapper igjen. Han burde, tenke han. For sikkerhets skyld var det nok ikke så dumt. Å."
    Kvifor trur du forfattaren bruker ufullstendige setningar i dette tekstutdraget?
  6. Kva er det guten bestemmer seg for, og kvifor gjer han det han gjer?
  7. Korleis reagerer formannen på sagbrukskontoret då guten kjem inn med dei tre siste plakatane? Kvifor reagerer formannen slik, trur du?
  8. Den svenske sosialdemokratiske rørsla tidleg på 1900-talet hadde mykje felles med arbeidarrørsla i Noreg. Kva kan grunnen vere til at dei gudfryktige arbeidarane i Västerbotten opplevde sosialdemokratane som ein trussel?
  9. Diskuter i klassen:
    • Korleis vert innflyttarar med framand bakgrunn teke imot der de bur?
    • Kva for nye idear og ideologiar er det som provoserer "dei innfødde" i kommunen din?
    • Korleis reagerer du sjølv i møte med det framande?

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale