Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
  5. Hjarta míttChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Hjarta mítt

Den færøyske songaren og komponisten Eivør Pálsdóttir har eit breitt register frå jazz og folkemusikk til kristelig song og klassisk musikk. Ho vart kåra til årets færøying i 2004 og har mellom anna opptredd med den norske gruppa Vamp.

Lytt til musikkvideoen Hjarta mitt med den færøyske artisten Eivør Pálsdóttir.

Les deretter teksten på færøysk: Hjarta mítt.

Svar på spørsmåla nedanfor:

  1. Kva for ord i teksten er heilt like på færøysk og norsk?
  2. Kva for andre færøyske ord i teksten liknar så mykje på norske ord at du kan forstå dei?
  3. Set om den færøyske teksten til moderne norsk. Bruk den engelske omsetjinga som "fasit". Vart omsetjinga di rett?
  4. Kva trur du tekstforfattaren forsøkjer å uttrykkje med dette språklege biletet: "Auga mine sokk ned i det djupe havet i går"?
  5. Kva vert "hjarta mítt" samanlikna med i teksten? Kvifor trur du tekstforfattaren har brukt nett denne samanlikninga?
  6. I teksten Hjarta mítt står hjartet i sterk kontrast til lufta. Kva for kontrast er det snakk om?
  7. Kvifor vil eg-personen i songen aldri gløyme den ho/han har møtt?
  8. Songen sluttar med at eg-personen seier at "du kunne ha stole hjartet mitt". Kva er grunnen til at eg-personen ikkje misser hjartet sitt til den andre personen?
  9. Kva er bodskapen i songen?

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale