1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
  5. Oppgåve om "Den lille Pige med Svovlstikkerne"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåve om "Den lille Pige med Svovlstikkerne"

Den danske forfattaren Hans Christian Andersen vaks opp i fattige kår i Odense. Han skreiv både sakprosa, lyrikk, romanar og dramatikk, men fekk etter kvart interesse for folkeeventyr. Han er mest kjend for kunsteventyra sine, blant dei "Den lille Pige med Svovlstikkerne" (1848).

Piken med svovelstikkene. Illustrasjon.

Oppgåve

Les eventyret " Den lille Pige med Svovlstikkerne " i originalutgåve og i norsk omsetjing. Teksten finn du relatert nedst på sida. Svar deretter på spørsmåla nedanfor.

  1. H.C. Andersen skreiv eventyret om jenta med svovelstikkene i 1848. Det danske 1800-talsskriftspråket, som denne teksten er skriven på, vart også brukt i Noreg før vi fekk vårt eige norske skriftspråk. Studer første avsnitt i eventyret. Kva openberr forskjell ser du mellom substantiva i originalutgåva av eventyret og i den norske omsetjing? (Stikkord: fellesnamn, bunden form.)
  2. Les grundig gjennom det første avsnittet i begge språkversjonane og legg særskilt merke til teiknsetjinga. Korleis skil originalutgåva seg frå den norske omsetjinga? Kva kan grunnen vere til at ein har valt å bruke ei anna teiknsetjing i den norske utgåva?
  3. H.C. Andersen skriv "Pigen", "Gaden", "Fødder" og "tabte". Kor i Noreg bruker folk i dag "gade" og "bage" i talemålet sitt? Kva kan grunnen vere til at orda vert uttalte slik i dette området?
  4. Korleis vert desse orda skrivne på moderne norsk?
  5. I den danske originalutgåva og i den norske omsetjinga vert det brukt ulike ord for å skildre den vesle jenta. Kva for ord vert brukte?
  6. Mot slutten av eventyret omtalar originalutgåva av eventyret den vesle jenta som "det lille Liig". I den moderne norske utgåva vert ho omtala som "den lille døde". Kva kan vere grunnen til det?
  7. Den lille Pige med Svovlstikkerne er rekna som eit kunsteventyr. På kva måte skil dette eventyret seg frå eit vanleg folkeeventyr?
  8. Mange eventyr endar godt fordi den fattige er smart og oppfinnsam, eller får hjelp av gode hjelparar. I dette eventyret er det ikkje slik. Kva trur du forfattaren ønskte å oppnå ved å la den vesle jenta døy til slutt?
  9. Kva er moralen i eventyret, etter di meining?
  10. Hans Christian Andersen vaks opp i fattige kår i Odense. På kva måte kan ein oppfatte dette eventyret som ein samfunnskritisk tekst?
  11. Tiggarar frå Romania er eit vanleg innslag i gatebiletet i norske byer i dag. Diskusjonen går høgt om det bør vere forbode å tigge i Noreg, og om tiggarane skal få høve til å overnatte innandørs midtvinters. I Kristiansand er det oppretta ei Facebook-gruppe med tittelen Få tiggerne vekk fra Kristiansand. Korleis argumenterer lokalpolitikarar og medlemmer i gruppa for kva som er rett å gjere i denne saka?
  12. Skriv eit moderne eventyr der du byter ut jenta med svovelstikkene med ein rumensk tiggar.

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale