Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
  5. Oppgåver om Salka ValkaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om Salka Valka

Den islandske forfatteren Halldór Kiljan Laxness har skrevet både dikt, noveller, skuespill og romaner. Laxness fikk Nobelprisen i litteratur i 1955. En av hans 51 romaner er romanen Salka Valka (1931– 32). Den blei filmatisert for TV i 1979.

Den islandske forfattaren Halldór Kiljan Laxness har skrive både dikt, noveller, skodespel og romanar. Laxness fekk Nobelprisen i litteratur i 1955. Ein av dei 51 romanane hans er romanen Salka Valka (1931–32). Boka vart filmatisert for TV i 1979.

Bilde av islandsk landskap

Les Salka Valka - kapittel 1 og gjer oppgåvene nedanfor.

  1. Romanen om Salka Valka tek til med at rutebåten kjem til Osøra ved Axlarfjord. Om bord på rutebåten sit det eit par pyntelege reisande sørfrå og diskuterer staden dei nett har kome til. Kva snakkar dei om?
  2. Korleis vil du beskrive Osøra ut frå samtalen mellom dei reisande sørfrå?
  3. Karane som jobbar på båten, står i sterk kontrast til dei handelsreisande sørfrå. Korleis får forfattaren fram denne kontrasten?
  4. På Osøra er det to passasjerar som vil i land. Beskriv dei.
  5. Kvifor er det ei utfordring å få desse to i land?
  6. Salka Valka og mora har planlagt å reise sørover på Island, men mora seier at dei må vente til utpå våren med å reise dit. Kva grunngir ho det med?
  7. Kva synest Salka Valka om at dei må vente med å reise sørover? Grunngi svaret ditt.
  8. Mora til Salka Valka, Sigurlina, kjem i snakk med ein av arbeidskarane nede i hamna, kadett Johnson. Kva ber ho han om?
  9. Kva årstid er det på Osøra då Salka Valka og Sigurlina kjem til øya?
  10. Kadett Johnson tek mor og dotter med til Frelsesarmeen. Kven andre er i lokalet, og korleis ser det ut der?
  11. Då Sigurlina ber om å få snakke med styraren, presenterer ein mann i trettiåra seg og seier at han er like mykje styrar i byen, han som nokon annan. Kva grunngir han det med?
  12. Sigurlina undrar seg over om mannen er full eller galen. Kvifor har ho denne oppfatninga av mannen?
  13. Kva seier og gjer mannen for å innynde seg hos Sigurlina?
  14. Korleis reagerer Salka Valka på at mannen ikkje kan la mor hennar vere i fred?
  15. Kven er Johann Bogesen, og korleis vert han omtalt?
  16. Den første delen av romanen om Salka Valka heiter Kjærligheten. Kvifor trur du forfattaren har valt å kalle han nettopp det?
  17. Lag ei skildring av hovudpersonen Salka Valka på bakgrunn av innhaldet i det første kapitlet i romanen.
  18. Finn nokre døme i testutdraget som viser at Sigurlina og Salka Valka er motsetningar.

Oppgåve 2: Skriveoppgåve

Korleis trur du det går med Salka Valka og mor hennar?
Skriv ei dagbokside i dagboka til Salka Valka frå neste sommar.

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale