Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
  5. Oppgåve om Populærmusikk fra VittulaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåve om Populærmusikk fra Vittula

Den svenske forfattaren Mikael Niemi har skrive både dikt, skodespel og romaner. Han er mest kjend for romanen Populärmusik från Vittula (2000). Romanen vart filmatisert i 2004.

Les Populærmusikk fra Vittula - Kapittel 1 .

Sjå videoen om Mikael Niemi og bygda han kjem frå, Pajala, før du svarer på spørsmåla.

Filer

Video om Mikael Niemi og heimbygda hans, Pajala.

Spørsmål til teksten

  1. I byrjinga av kapitlet høyrer vi om ei stor hending i bygda Pajala tidleg på sekstitalet. Kva er det som skal skje?
  2. Forfattaren bruker biletet "Fattigdommen skulle kles opp i svart skinnjakke" når han omtalar denne hendinga. Kvifor bruker han dette biletet, trur du? Grunngi svaret ditt.
  3. Kva årstid er det når vi møter innbyggjarane i Vittula første gongen? Finn døme på korleis forfattaren skildrar denne årstida.
  4. Strøket Vittula har endra seg i løpet av dei siste åra. Korleis kjem det til syne hos menneska som bur der?
  5. Eg-personen i romanen er svært forundra over den magiske eigenskapen som bulldosarane har. Kva for eigenskap er det han siktar til, og kva er det som er så fascinerande med nett denne eigenskapen?
  6. Kva for luksuriøse gjenstandar på rommet til storesøstera er det som vitnar om den endringa som har gått føre seg i Vittula?
  7. Inne på rommet til storesøstera bryt eg-personen ein lovnad. Kva for lovnad er det?
  8. Røysta til Elvis vert skildra som framtida i det første kapitlet i romanen. Kvifor det, trur du?
  9. Kva går den store oppdaginga som eg-personen gjer då han tek små, prøvande spaserturar i nabolaget, ut på?
  10. Eg-personen møter ein gut på leikeplassen. Kva bestemmer dei to gutane seg for å gjere, og kvifor?
  11. Kven møter dei to gutane på bussen, og kva tilbyr ho dei?
  12. Etter bussturen heng gutane seg på ei turistgruppe. Kor fører det dei?
  13. På reisa møter gutane to søstrer som deler ein eksotisk frukt med dei. Korleis forsøker gutane å vise takksemda si?
  14. Kvifor stoppar reisa til gutane før dei kjem dit dei helst vil?
  15. I dette kapitlet får fleire konkrete ting menneskelege eigenskapar. Kva for eksempel på personifikasjon finn du i teksten?

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale