Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
  5. Oppgåve til novella "Att döda ett barn"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåve til novella "Att döda ett barn"

Den svenske journalisten og forfattaren Stig Dagerman (1923–1954) skreiv både sakprosatekstar og skjønnlitteratur. Tekstane hans handlar ofte om angst og skuldkjensle. Dagerman var påverka av Kierkegaard, Kafka og dei franske ekspresjonistane.


Denne videoforteljinga er basert på novella "Att döda ett barn" av Stig Dagerman. Forteljarrøysta tilhøyrer den kjende svenske skodespelaren Stellan Skarsgård.

Les novella i norsk omsetjing: Att döda ett barn. Du kan også lese teksten i norsk omsetjing på s. 67–70 i den digitaliserte utgåva av boka Spor: teori og tekster (Cappelen 1997)

Spørsmål til novella Att döda ett barn

  1. Kva for kvardagslege gjeremål er det ungar, kvinner og menn er opptekne med denne søndagsmorgonen?
  2. Kvifor omtaler forfattaren denne søndagsmorgonen som ein vond dag?
  3. Mannen novella handlar om, vert heile tida framstilt som ein lykkeleg mann. Kvifor vel forfattaren av novella å framstille han slik, trur du?
  4. Hovudpersonen i novella har noko spesielt føre denne søndagen. Kva skal han gjere?
  5. Kvifor trur du denne mannen heile tida vert omtalt som "mannen som skall döda barnet"?
  6. Kva farge har bensinpumpa mannen fyller bensin frå? Kva kan grunnen vere til at pumpa har fått nettopp denne fargen?
  7. Beskriv veret denne søndagsmorgonen.
  8. Hovudpersonen i novella vert skildra slik:
    “Det är ingen ond man, han är glad och lycklig och innan han stiger in i bilen står han ett ögonblick framför kylaren som gnistrar i solen och njuter av glansen och doften av bensin och hägg."
    Kva trur du forfattaren vil få fram ved å presentere mannen slik?
  9. Mora til barnet som snart skal døy, ser at ho har slept opp for sukker. Kva for konsekvens får dette?
  10. Kva roper faren til barnet idet barnet er på veg ut døra?
  11. Faren til barnet som skal døy, vert omtalt som “mannen som skall förlora sitt barn”. Kvifor vel forfattaren å kalle han det i staden for å gi han eit namn, trur du?
  12. Kva tenkjer barnet på medan det spring for å hente sukker?
  13. Kvifor har forfattaren valt å skrive om barnet at “ingen viskar till det att det bara har åtta minuter kvar att leva"?
  14. Lesaren vert også fortalt at båten skal liggje der heile dagen og mange andre dagar. Kvifor vert båten berre liggjande ubrukt i lang tid?
  15. I ei actionprega forteljing ville forfattaren ha skildra situasjonen der barnet vert påkøyrd på ein heilt annan måte. Skriv eit utkast til eit slikt tekstavsnitt.
  16. “Tida lækjer alle sår” er eit kjent ordtak. I denne novella høyrer vi at det ikkje er sant at tida lækjer alle sår. Kvifor ikkje?
  17. Skuggen er eit språkleg bilete som er brukt ofte i denne novella. Kva kan vere grunnen til det?
  18. For mannen vert det at det vert heilt stille omtalt som ein fiende. Kvifor?
  19. Kva ønskjer mannen seg mest av alt etter påkøyringa?
  20. I mange noveller byggjer spenninga seg opp mot eit klimaks i avsluttinga. Dette høgdepunktet er ofte på same tid eit vendepunkt der konflikten eller problemet i novella får ei overraskande og uventa løysing. I denne novella er det ikkje slik. Forklar kvifor.
  21. Denne novella inneheld mange kontrastar. Finn døme og forklar kvifor du trur nettopp desse kontrastane er brukte.
  22. Novella er nokså ulik andre noveller i språk og form. Korleis skil ho seg frå andre noveller du har lese?
  23. Samanlikn anslaget i kortfilmen Att döda ett barn med innleiinga til novella. Kva er likt? Kva er forskjellig?

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale