Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til teksten Få meg på, for faen

Oppgåver til romanen Få meg på, for faen av Olaug Nilssen.

Anne Lindmo intervjuer Olaug Nilssen om romanen [i]Få meg på, for faen[/i] i programmet Store Studio på NRK1.

Oppgåve 1

I intervjuet ovanfor fortel Olaug Nilssen om romanen Få meg på, for faen (Samlaget 2005). Romanen handlar om 15 år gamle Alma som opplever ei sterk seksuell oppvaking. Boka har skapt stor debatt, og Olaug Nilssen har sjølv dramatisert henne for Det norske Teatret.

  1. Kvifor fekk ikkje Olaug Nilssen den jobben ho hadde vorte tilboden i Dagbladet?
  2. Kvifor fekk ho avslag då ho søkte medlemskap i Forfattarforeininga?
  3. Kvifor valde Olaug Nilssen å skrive bok om ei seksuelt frustrert ung jente?
  4. Kva for hendingar var det som utløyste den seksuelle interessa hos hovudpersonen Alma?
  5. Lesesirkelen Liberato har lese Få meg på, for faen. Kva synest dei om framstillinga av Alma?
  6. Kva seier Olaug Nilssen om tilbakemeldingane ho har fått på boka?

Oppgåve 2

Høyr Olaug Nilssen lese eit kort utdrag frå romanen Få meg på, for faen.

Olaug Nilssen les utdrag av Få meg på, for faen

0:00
Olaug Nilssen les utdrag av Få meg på, for faen
  1. Korleis vil du karakterisere forteljeteknikken som vert brukt i dette utdraget?
  2. Kva fortel språket i replikkane om hovudpersonen Alma?

Oppgåve 3

Les utdraget " Meiningsmålingsmannen gir kona til Sebjørn noko å tenke på" frå boka Få meg på, for faen. Tekstutdraget finn du under "Relatert innhald" nedst på sida.

  1. Korleis vert tilhøvet mellom Sebjørn og kona hans skildra i dette tekstutdraget?
  2. Kvifor går hovudpersonen ut på kjøkkenet når ho vert oppringd av meiningsmålingsinstituttet?
  3. Kvifor vert ho lei seg når meiningsmålingsmannen legg på telefonen?
  4. Kvifor reagerer hovudpersonen på å verte kalla "kona til Sebjørn"?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale