Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kritisk realisme i Henrik Ibsens forfattarskap

Et dukkehjem, En folkefiende og Gengangere er typisk for den litterære retninga som vert kalla kritisk realisme. Her tek Henrik Ibsen opp spørsmål som er aktuelle og til kontroversielle også i vår tid.

Maleri med portrett av Henrik Ibsen. Foto.
Henrik Ibsen måla av Edvard Munch i 1898

Henrik Ibsen – frå nasjonalromantikk til modernisme

Forfattarskapen til Ibsen kan delast i fire fasar:

  1. I førstninga skreiv Ibsen historiske drama i nasjonalromantisk ånd. Motiva var henta frå norsk historie, og handling og konfliktar går føre seg i ei fjern fortid. Eit sentralt tema i fleire av desse drama er tanken om samkjensle og nasjonalt sjølvstende, og heltane er staute nordmenn som kjempar for land og folk.
  2. Men frå og med Brand (1866) skreiv Ibsen det vi kallar idédrama – tekstar der han drøftar eksistensielle emne og spørsmål. Han skreiv mellom anna om tru og tvil, om identitet og identitetsløyse.
  3. Deretter vart han ein del av det moderne gjennombrotet i norsk litteratur og samfunnsdebatt med sine realistiske samtidsdrama.
  4. Frå midten av 1880-åra ser vi at karakterane hos Ibsen blir meir samansette og nyanserte. Han gjer ein djupdykk i livsvilkåra til den moderne kvinna og mannen, og med dei såkalla symboldrama introduserer han symbolismen og modernismen i norsk dramatikk. ..

Samtidsdrama og kritisk realisme

Det moderne gjennombrotet og kritisk realisme er for norsk litteratur nærast synonymt med Ibsen og hans samtidsdrama:

  • Samfundets Støtter (1877)
  • Et Dukkehjem (1879)
  • Gengangere (1881)
  • En Folkefiende (1882)

I desse tekstane utfordrar Ibsen tradisjonelle verdiar og normer som han meinte var undertrykkjande og hyklerske. Tanken var at menneska – både mann og kvinne – måtte få leve i fridom og sanning.

Et Dukkehjem

I dramet Et Dukkehjem er det Nora som må ta eit oppgjer med sitt eige liv. Ektemannen omtaler Nora som lerkefuglen sin, han ser på henne som ei leikedokke, ikkje som eit vakse og likeverdig menneske. Men også Nora sjølv spelar rolla som lerkefugl etter beste evne, heilt til det går opp for henne at ho ikkje er meir for mannen sin enn nettopp det. Da forlèt ho mann og barn for å finne seg sjølv.

Scene fra Ibsens drama "Et dukkehjem". Foto.
Scene fra Ibsens drama "Et dukkehjem"

Et Dukkehjem vekte sterke reaksjonar da stykket vart framført. På tyske scener nekta dei å setje opp stykket om ikkje Ibsen endra slutten. At Nora gjekk frå både mann og barn, vart for mykje å svelgje for publikum. Dramaet var òg eit innlegg i samtidsdebatten om stillinga til gifte kvinner. Gifte kvinner var juridisk umyndige, det var mannen som rådde i økonomiske spørsmål. Han hadde også rett til å avgjere korleis barna skulle oppsedast, og kvar familien skulle bu. Lova stadfesta at kvinner vart rekna som store barn, ikkje som vaksne.

Gengangere

I dramet Gengangere møter vi fru Alving, som mange ser på som motstykket til Nora. Fru Alving er kvinna som har halde ut i eit ekteskap der fasade var viktigare enn kjærleik, omsorg og sanning. Ektemannen hennar er død, men framleis jobbar ho hardt for å skjule sanninga om livet han førte. Først da sonen kjem heim sjuk av syfilis – ein arv etter det utsvevande livet til faren – raknar alt. Barneheimen ho har bygd i mannens namn, brenn ned, og til sist hjelper ho sonen med å ta livet sitt. Skodespelet vart slakta i pressa – somme samanlikna det med «en åpen kloakk».

I Gengangere spelar arv og miljø ei sentral rolle, her finst ikkje lenger noka tru på at menneska kan søkje fridom. Fru Alving finn ikkje vegen ut slik Nora gjorde.

Sjå gjerne nokre klipp frå fjernsynsteaterets oppsetting av Gengangere (1962)

Frå kritisk realisme til modernisme

Hedda Gabler, hovudpersonen i dramaet med same tittelen, er på mange måtar eit eksempel på ei moderne kvinne. Ho er ei av dei mest mystiske kvinnene hos Ibsen, vakker og omsverma, kravstor og eigenrådig, men også eit offer for konvensjonane i samtida og for eigne ideal.

Elevar frå Vågsbygd vidaregåande skule i ei scene frå Hedda Gabler

Hedda er ei kvinne som er oppteken av fasade og konvensjonar – og ho har høge ideal. Ho stiller store krav til seg sjølv, til menneska rundt seg og til livet generelt. Fallhøgda blir derfor stor når ho opplever at ingen av mennene rundt henne lever opp til ideala hennar. Hedda finn heller ikkje noka meining i rolla som hustru i eit borgarleg fornuftsekteskap. Ho vil noko anna, noko meir, men samtidas kjønnsroller og samfunnsnormer gjer det umogleg for henne å finne ein sjølvstendig identitet og skape seg eit meiningsfullt liv.

På same tid som Hedda ønskjer seg menneskeleg nærleik, held ho alle på avstand. Ho vil gjerne få oppleve å vere til nytte, men ingen treng henne eigentleg. Ein stad i teksten seier ho at det einaste ho duger til, er å kjede seg til døde. Mangelen på meining i eige liv, kombinert med sjalusien på forholdet mellom Ejlert Løvborg og Thea Elvsted, gjer henne manipulerende og destruktiv.

Både i samtida og seinare har ein fokusert mykje på Ibsen som ein realistisk forfattar som sette problema under debatt. Men med Hedda Gabler og dei andre stykka frå 1890-åra peiker Ibsen i større grad fram mot eit meir modernistisk teater. Han set mellom anna søkjelyset på fleire av problemstillingane ved modernismen, som opplevinga av meiningstap og isolasjon, av framandgjering og identitetsløyse.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale