Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Alexander KiellandChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Alexander Kielland

Som forfattar var Alexander Kielland var oppteken av å sette samfunnsproblem under debatt. Han skreiv om religion og kyrkje, samliv og ekteskap, undervisning og oppseding, forretningsmoral og pliktmoral, og om hykleri i samfunnet og hos borgarskapet.

Mann på sokkel skuer ut over vågen i Stavanger. Foto.
Statue av Alexander Kielland på torget i Stavanger

Ein sann realist

Av litterære realistar i 1870- og 1880-åra er Alexander Kielland kanskje den forfattaren som levde tettast opp til Georg Brandes’ krav om å setje samfunnsproblema under debatt. Kielland var også inspirert av filosofen Søren Kierkegaard (1813–1855), som nokre tiår tidlegare hadde sagt litt om det å leve i sanning. I tillegg kjende Kielland til John Stuart Mill (1806–1873) og ideane hans om demokratiske rettar, sosial medkjensle og likeverd mellom kjønna.

Alexander Kielland kom sjølv frå ein velståande familie i Stavanger og levde eit privilegert liv. Han dreiv næringsverksemd i heimbyen i ti år, men fekk etter kvart store økonomiske problem. I 1885 søkte Bjørnson og Lie Stortinget om diktargasje for Kielland, men det enda med avslag. Avslaget vart grunngitt med at Kielland gjennom skrivinga og diktinga si var ein fare for ro og orden. Bøkene hans skapte debatt og vekte harme.

Tankar og idear i ei ny tid

Alexander Kielland ville noko med diktinga si, ville kritisere, avsløre og reformere, slik Brandes kravde. Han skreiv om religion og kyrkje, samliv og ekteskap, latinundervisning og oppseding i skulen, pliktmoral og hykleri i samfunnet og forretningsmoral hos borgarskapet. Ein litteratur som handla om slike emne, ville appellere til fornufta hos lesaren, meinte Brandes. Denne fornufta skulle føre samfunnet framover, samstundes som menneska skulle bli meir opplyste og frie.

Alexander Kielland ville noko med diktinga si, ville kritisere, avsløre og reformere, slik Brandes kravde. Han skreiv om religion og kyrkje, samliv og ekteskap, latinundervisning og oppseding i skulen, pliktmoral og hykleri i samfunnet og forretningsmoral hos borgarskapet. Ein litteratur som handla om slike emne, ville appellere til fornufta hos lesaren, meinte Brandes. Denne fornufta skulle føre samfunnet framover, samstundes som menneska skulle bli meir opplyste og frie.

Kiellands novelletter

Kielland debuterte som 30-åring og skreiv mange romanar, novelletter og drama gjennom ein tiårsperiode. Så la han ned pennen. Kielland sa sjølv at han ikkje hadde meir å seie. Det litterære gjennombrotet hans kom i 1879 med Novelletter, ei samling korte, episodiske forteljingar som gjerne tok utgangspunkt i ei enkelthending eller eit tilfeldig møte.

Ei av novellettene i boka, «En Middag», handlar om retten som den unge generasjonen har til å frigjere seg frå gammalt tankegods. Vi møter ein grosserar som held tale for den nyss heimkomne sonen sin. Faren slår om seg med store ord om korleis dei unge må få kvitte seg med gamle fordommar, tenkje nytt og utvikle samfunnet vidare til alles beste, men tek det ille opp når han like etter blir korrigert av sonen i ein diskusjon. Denne dobbelkommunikasjonen viser avstanden mellom dei overflatiske liberalistiske talemåtane og dei djuptliggande konservative haldningane hos borgarskapet på Kiellands tid.

I novelletta «Karen» er handlinga lagt til Danmark. Det er ei forteljing om korleis eit kynisk mannfolk lurer ei uskuldig jente. Skrivemåten til Kielland er presis og elegant. Nokre av novellettene hans har ei munter tone, i andre er tonen meir ironisk eller satirisk, og her kjem samfunnskritikken tydelegare fram.

Ein samfunnsrefser

Alexander Kielland skreiv kritisk og sannferdig om dei fleste emna. I 1880 kom samtidsromanen Garman & Worse, der han skildrar seglskutemiljøet og eit velståande handelshus i Stavanger. I romanen viser han forholdet mellom fattig og rik, og gjennom skarpe kontrastar avdekkjer han at føresetnaden for rikdommen hos nokre få gjerne er fattigdommen hos mange andre.

I 1882 kom oppfølgjaren Skipper Worse, som vart Kiellands største litterære suksess. I denne boka kjem forfattaren med tydeleg kritikk av både statskyrkja og av religiøst hykleri og pengebegjær. Enda Kielland hausta mange lovord for skrivekunsten sin, møtte han mykje motbør i Stavanger. Å bruke fiktive namn og oppdikta miljø var éin ting, men det var mange som kjende seg råka, og han fekk uvenner blant sine eigne.

Gift

I 1883 kom romanen Gift. I denne boka rettar Kielland søkjelyset mot verdigrunnlaget for skule og oppseding. Boka er omtalt som den store skuleromanen i norsk litteratur frå 1880- åra.

En gamel lærer på kateteret forran en gruppe elever. Illustrasjon.
Slik kunne undervisninga gå føre seg på Kiellands tid.

Skildringa av skulegangen til dei to gutane Abraham og Marius gjer det tydeleg kva Kielland meinte om skulesystemet. Han hevda at latinen tok altfor stor plass i skulen, og at opplæringa gav lite nyttig kunnskap som kunne gjere barna til sjølvstendige menneske. I tillegg fekk pedagogane gjennomgå for metodane dei brukte overfor elevane. Heile oppsedinga i skulen var bygd på tvang og fornedring, elevane skulle underkaste seg systemet utan å stille spørsmål. Det var det motsette av danning, meinte Kielland.

Dei progressive og fornuftige haldningane er det ei kvinne som står for. Wenche Løvdahl, mor til Abraham og kona til dr. Løvdahl, er talerøret til Kielland i romanen. Ho representerer motvekta til alle dei forstokka haldningane som mannen, skulen og dei fleste andre maktpersonane og institusjonane i samfunnet gav uttrykk for. Wenche Løvdahl nyttar alle høve til å spreie idear om menneskeverd, sann kristendom, opplæring til sjølvstende og levande undervisning i skulen.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale