Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv både romanar, noveller, dikt og skodespel. Mest kjent er kanskje bondeforteljingane hans. Litteraturhistorisk høyrer bondeforteljingane heime i den epoken vi kallar poetisk eller romantisk realisme.

Filmopptak med Bjørnstjerne Bjørnson i 1905. Filmen er utan lyd, sidan dette er teke opp i stumfilmens dagar.

Forfattar, samfunnsdebattant og skribent

Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910) var fødd i Kvikne i Østerdalen. I ungdomstida flytte familien til Romsdal, der faren fekk ei prestestilling. Sytten år gammal sende faren Bjørnstjerne til Kristiania for å gå på Heltberg studentfabrikk. Her tok han examen artium som tjueåring. På Heltberg vart Bjørnson kjend med Jonas Lie, Henrik Ibsen og Aasmund Olavsson Vinje.

Opp gjennom livet skreiv Bjørnson både romanar, noveller, dikt og skodespel. Han var òg ein aktiv samfunnsdebattant og avisskribent. Han skreiv litteratur- og teatermeldingar og ivra mellom anna for ei fornorsking av teaterspråket. Språkengasjementet hans førte til at Riksmåls- forbundet vart grunnlagt I 1907.

Ei anna hjartesak for Bjørnson var teateret. I 1857 utnemnde Ole Bull han til sjef for teateret i Bergen. Her var han i to år og arbeidde både som teatersjef og som skribent. Seinare vart han leiar for Christiania teater.

I diktet "Jeg velger meg april", her lest av skodespelar Tordis Maurstad, møter vi Bjørnson både som lyrikar og samfunnsdebattant:.

Bondeforteljingane

Bondeforteljingane til Bjørnson kom ut i tidsrommet 1857–1860. Dei vekte oppsikt i samtida med si nyskapande og dristige form. Bjørnson skildra bøndene på ein måte som braut med den romantiske framstillinga som vi kjenner frå mellom anna Maurits Hansen nokre tiår tidlegare.

Hos Bjørnson møter vi bonden i eit røft kvardagsmiljø. Han skildra mellom anna fyll og slagsmål. Samstundes fekk Bjørnson kritikk for å idealisere livet til bøndene, og for å omtale dei som festkledde idealpersonar. Men for Bjørnson låg det ein pedagogisk tanke bak bondeforteljingane. Ønsket var å «kultivere» nordmennene, og da særleg bøndene – slik nasjonsbyggjarane såg dei som berarar av typisk norske verdiar.

Personane i bondeforteljingane er levande menneske med samansette, ofte konfliktfylte sinn, og vi møter dei i livs- situasjonar der dei må gjere val. I En glad gutt (1860) får vi alt i første avsnitt vite at hovudpersonen Øyvind har eit varleg sinn. Han vekslar fort mellom sorg og glede, gråt og latter:

«Øyvind hette han og gråt da han ble født. Men alt da han satt oppreist på morens fang, lo han, og når de tente lys om kvel- den, lo han så det sang, men gråt da han ikke fikk komme bort til det. – ’Av den gutten må det bli noe rart’, sa moren.»

Språk og forteljemåte i bondeforteljingane

I ortografi og bøyingsmønster heldt Bjørnson seg stort sett til dansk. Men både i syntaks (ordstilling) og ordval har bondeforteljingane eit særnorsk preg. Bjørnson gjekk derfor eit steg vidare i det fornorskingsarbeidet som Asbjørnsen og Moe var med på å starte.

Når det gjeld forteljemåten, lét Bjørnson seg inspirere av sagastilen. Framstillinga er scenisk og sparsam når det gjeld kommentarar. Vi kjem rett inn i handlinga og lærer personane å kjenne gjennom det dei seier og gjer, med andre ord gjennom dialogar og handling.

Bjørnson er ordknapp i skildringa. Det ser vi for eksempel i innleiinga til En glad gutt: «Øyvind hette han og gråt da han ble født.» Også her er det sagastilen som har vore ein viktig inspirasjon. I tillegg lét Bjørnson seg inspirere av folkediktinga. Den munnlege stilen i tekstane hans var inspirert av folkeeventyra. Han tok også i bruk rim og regler, slik folkevisene gjer.

Jamvel om Bjørnson lét seg påverke av soger og folkedikting, peiker bondeforteljingane fram mot den realistiske forteljemåten som skulle prege 1870- og 1880-åra. Eit eksempel er den nokså usynlege forteljaren som vi finn i bondeforteljingane.

Faderen» og«lidelsens høgskole»

«Faderen» er ei kort og meisterleg skriven novelle på berre to sider. Det mest slåande ved denne novella er at forteljinga er så konsentrert, og at Bjørnson fangar inn høgdepunkta i eit heilt livsløp på så få linjer. I meir enn noko anna verk av Bjørnson kjenner vi her att forteljemåten frå sagastilen. Her er det scener og dialogar som dominerer, og forteljaren lèt vere å kommentere tankar og kjensler hos personane. Han registrerer berre det som skjer, som i dei islandske ættesogene.

«Faderen», frå Småstykker (1860), handlar om Tord Øveraas – den mektigaste og mest velståande bonden i bygda. Vi følgjer bonden og sonen hans gjennom livsløpet til sonen. Fire gonger er Tord hos presten. Dei tre første er når sonen skal døypast, når han skal konfirmerast, og før han skal gifte seg med den rikaste jenta i bygda. Kvar gong betaler Tord for ei markering som syner at han er ein mektig mann. Men før bryllaupet druknar sonen, og faren må til presten ein siste gong for å få sonen gravlagd.

"Faderen"

0:00
"Faderen"

Sentralt i teksten står den endringa faren går gjennom. Heile livet har han vore ein mann som er van med å få det som han vil fordi han har makt og pengar. Etter at sonen døyr, utviklar han seg til å bli ein audmjuk mann, som ser andre verdiar enn pengar og posisjon.

Bjørnson hadde ein pedagogisk idé med bondeforteljingane sine. Dei var ein del av eit idealistisk danningsprosjekt. Bjørnson sjølv omtalte dette som «lidelsens høgskole».

To bunadskledde jenter lener seg til et gjerde og ser ut over grønne jorder. Maleri.
September. Måleri av Erik Werenskiold frå 1883. Jentene er kledde i bunad, men biletet bryt med den romatiserte framstillinga av bonden i nasjonalromantikken, og viser kvardagslivet på bygda.

Romantisk verdiar i realistiske omgivnader

Hovudkarakterane i bondeforteljingane er gjerne personar som må gjennomleve ei vond tid. Ofte er dei i konflikt med noko i seg sjølv. Men i kampen mot ulike hindringar gjennomgår dei ei forvandling. Denne forvandlinga er ein prosess mot eit meir ideelt og etisk godt liv.

For Bjørnson var denne endringa oftast knytt til eit religiøst verdigrunnlag, og det kan vi sjå i «Faderen». Vi kan derfor seie at «Faderen» har eit romantisk verdigrunnlag – jakta på det gode, sanne og vakre livet. Men personane er plasserte i meir realistiske omgivnader og må kjempe mot desse omgivnadene på vegen. Litteraturhistorisk høyrer derfor bondeforteljingane heime i den epoken vi kallar poetisk eller romantisk realisme.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale