Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Camilla Collett og Amtmannens Døtre

Camilla Collett (1813–1895), fødd Wergeland, var ei føregangskvinne i kampen for kvinnefrigjering i Noreg. Hovudverket Amtmandens Døttre (1855) er den første norske tendensromanen – det vil seie ein roman med tydeleg samfunnskritikk.

Camilla Collett voks opp på Eidsvoll prestegard, der faren Nicolai Wergeland var sokneprest. Heimen deira gav grobotn for intellekt og kreativitet, både hos Camilla og den eldre broren Henrik. Faren var påverka av nye tankar og idear frå Rousseaus opplysningsfilosofi, og han såg til at Camilla fekk meir utdanning enn det som var vanleg for jenter på den tida..

Store delar av sitt vaksne liv var Camilla Collett på reisefot, og det einaste faste i livet hennar var skrivinga. Ho braut med kvinneidealet i samtida, både i liv og dikting, og omtalte seg sjølv som kjerringa mot straumen.

I 1841 gifte Camilla seg med Peter Jonas Collett. Han var jurist, embetsmann og politikar. Men han var også litteraturkritikar og ein kulturinteressert person som oppmuntra Camilla til å halde fram med skrivinga.

Ein kvinneleg skribent

Interessa for litteratur og samfunnsspørsmål gjorde at Camilla Collett prøvde seg som skribent mot slutten av 1830-åra. Då skreiv huo sine første fiksjonstekstar. I 1842 kom Nogle Strikketøisbetragtninger, kritiske tankar og skildringar av omgangsformer og selskapsliv i danna krinsar. Boka vart sjølvsagt gitt ut anonymt, for det var ikkje akseptert at ei kvinne kunne vere forfattar i 1840-åra. På den tida hadde Camilla også eit samarbeid med eventyrsamlar Asbjørnsen og skreiv tekstar i lag med han.

Det viktigaste litterære verket til Camilla Collet er romanen Amtmandens Døttre (1855).

Ho skreiv også litteraturkritiske essay og artiklar. I perioden 1868–1873 kjem tre bøker med tittelen Sidste Blade. Det er ei samling artiklar, essay, reiseskildringar og dagboknotat der ho reflekterer over politiske og juridiske emne knytte til kvinnesaka.

Amtmandens Døttre

Camilla Collett hadde arbeidd med Amtmandens Døttre i lang tid da boka kom ut anonymt i 1855. Romanen blir i dag rekna som det første realistiske og samfunnskritiske verket i norsk litteratur, og som den første tendensromanen. Kritikken rettar seg mot oppsedinga og dei samfunnsnormene som hindra unge jenter i å rå over eige liv.

Handlinga i romanen er lagd til ein amtmannsgard. Den yngste amtmannsdottera, Sofie, opplever at systrene blir gifte bort. Ho ser derfor med gru på at ho sjølv skal ende opp i eit arrangert ekteskap utan kjærleik. Da ho møter den nytilsette fullmektigen på amtmannskontoret, oppstår det søt musikk mellom dei. Men mistolkingar og uheldige samantreff gjer at det ikkje blir noko meir av forholdet. At Sofie seinare får avklart kva som hindra henne i å få sin store kjærleik, hjelpte ikkje. Da var det for seint. Sofie var allereie gift bort til ein eldre enkjemann og prest.

Dramatisering av Camilla Collets "Amtmannens Døtre". Foto.
Dramatisering av Camilla Collets "Amtmannens Døtre"

Fornuftsekteskap og undertrykking

Bodskapen i romanen er at fornuftsekteskap ofte fører til undertrykking av individa, særleg kvinna. Collett går så langt at ho omtaler kvinner som «varer». Kvinna er eit objekt i eit mannssamfunn, seier ho.

I Amtmandens Døttre seier Sofie:

Vår bestemmelse er å giftes, ikke å bli lykkelige. I den forstand har jeg sett begge mine eldre søstre oppfylle sin bestemmelse. De tok sine menn med overlegg, frivillig, og dog ville de ikke under noen omstendighet selv ha valgt dem.

Som Sofie hadde Camilla sjølv fått oppleve kva det vil seie å ofre kjærleiken. Sytten år gammal møtte ho Johan Sebastian Welhaven i Kristiania og forelska seg hovudstups. Welhaven var ein kjend diktar og samfunnsdebattant, og meiningane hans – mellom anna om dikting og den politiske utviklinga i Noreg – stod i sterk kontrast til det faren og broren til Camilla meinte. Det var derfor vanskeleg for dei to å gå inn i eit forhold.

Camilla Collett kjempa heile livet for retten til å leve eit liv i sanning og i samsvar med eigne kjensler. På ein bronsestatue av Camilla, plassert i småbåthamna i Kristiansand, står det skrive på sokkelen: «Tro er man kun når man er det mot sig selv.»

Kvinnesak

Amtmandens Døttre er eit pionerverk i kvinnesaksdebatten her til lands. Det er den første teksten som for alvor tematiserer kvinnenes manglande rettar.

Eit anna poeng er at Camilla Collett ut frå omgrepa i dag kan definerast som forskjellsfeminist, i alle fall i Amtmandens Døttre. Ho argumenterer ikkje for at menn og kvinner er like og derfor bør ha dei same rettane. Ho tek utgangspunkt i at menn og kvinner er ulike, men at kvinner må respekterast på lik linje med menn. Derfor er det retten til å bli høyrt og sett – som kvinne – ho kjempar for.

Ein del av samfunnsendringane som skjer mot slutten av 1800-talet, fører gradvis til eit nytt kvinnesyn. Dei teknologiske og industrielle framstega gjer at fleire kvinner får lønnsarbeid. Urbanisering og meir utdanning medverkar òg til ei gradvis endring i synet på kvinnas posisjon i samfunnet.

Menn syr, vasker og passer barn mens kvinnene staser seg opp og drar bort i hestevogn. Illustrasjon.
Karikaturteikning som viser det synet smtida hadde på kvinnesaka i 1869.

Kampen ført fram

Liberalismen og kravet om fleire demokratiske rettar fører til betre kår for kvinnene. Arvelova av 1854 gav døtrer same arveretten som søner. Ugifte kvinner fekk status som myndige i 1864, mens gifte kvinner ikkje fekk denne statusen før i 1888. Dei fekk da rett til å disponere over eigen formue. Desse ytre endringane kjem på same tid som Camilla Collett set fokus på ei indre emansipatorisk (frigjerande) side ved det å vere kvinne i eit mannssamfunn.

Da Amtmandens Døttre kom i ny og omarbeidd utgåve i 1879, stod namnet Camilla Collett på framsida for første gong. Tidlegare var boka gitt ut anonymt, men no hadde det skjedd ein del endringar som gjorde det mogleg å vere kvinneleg forfattar. Ei tydeleg stadfesting av dette var at Collett fekk halv diktargasje (kunstnarlønn) av Stortinget i 1876.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale