Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Henrik Wergeland og Johan Sebastian WelhavenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven

I Noreg slo romantikken som litterær retning først igjennom for alvor med Henrik Wergeland (1808–1845) og Johan Sebastian Welhaven (1807–1873) på 1830-tallet. Dei romantiske diktarane sette intuisjon, kjensler og fantasi høgare enn kunnskap og fornuft.

Wergeland og Welhaven. Kollasje.
Skal ikke brukes

Diktaren Johan Sebastian Welhaven

Johan Sebastian Welhaven (1807–1873) var presteson frå Bergen. Far hans ville at han skulle lese teologi, men Welhaven var lite motivert for å bli prest og gav opp teologistudiet etter nokså kort tid. I staden byrja han å studere litteratur og filosofi. Etter kvart vart han lektor, seinare professor, ved universitetet i Christiania.

Klassisistiske ideal

Welhavens syn på kunstverket er i tråd med klassisistiske ideal. Slik han såg det, måtte eit kunstverk innfri strenge krav til prakt og harmoni. Dikt skulle til dømes byggjast opp etter klare reglar. For Welhaven høyrde form og innhald saman: Tankane måtte modnast før dei kunne bli til dikt, og forma skulle spegle denne modninga.

Samstundes var synet hans på kunstnaren og kunsten si rolle typisk for romantikken: Kunstnaren var ein utvald som hadde kontakt med det ekte og uforfalska i sitt eige sinn. Gjennom kunsten kunne han formidle denne djupare innsikta til andre.

Nasjonalromantikk

Johann Sebastian Welhaven gav ut i alt fem lyrikksamlingar. I mange av dikta til Welhaven finn vi skapningar frå norsk folketru og norrøn mytologi, og emne frå norsk historie. Denne interessa for det norske hadde Welhaven felles med dei andre representantane for nasjonalromantikken.

Digtets Aand

Det litteraturfilosofiske diktet "Digtets Aand" blei publisert i samlinga Nyere Digte i 1844. Det er eit dikt om det å dikte. Her presenterer Welhaven synet sitt på kva dikting er, og kva roller diktaren og lesaren har i denne spesielle forma for kommunikasjon. Welhaven meiner diktet skal røpe «det uutsigelige», noko som ikkje kan formidlast direkte med ord. Dette «uutsigelige» finn diktaren i djupet av si eiga sjel. Det blir ein del av teksten gjennom den kunstnarlege skapingsprosessen, som krev modning og streng disiplin. Lesaren må så atterreise «det uutsigelige» i sitt eige indre. Slik kan kunsten medverke til eit rikare indre liv hos lesaren og til ein åndeleg fellesskap mellom diktar og lesar.

Diktaren Henrik Wergeland

Henrik Wergeland (1808–1845) var fødd i Kristiansand, men voks opp på Eidsvoll, der faren var sokneprest. Wergeland er mest kjend for dikta sine og blir framleis omtalt som den største lyrikaren i norsk litteratur. Men han har òg skrive dramatikk og forteljingar, faglitteratur og mange avisartiklar. Den litterære produksjonen hans er enorm, trass i at han berre vart 37 år gammal.

Romantikk og fornuft

Henrik Wergeland var både romantikar og fornuftsdyrkar på same tid. Begeistringa hans for naturen, fantasiflukta og dei sterke kjenslene han formidla i dikta sine, knyter Wergeland til romantikken. Samstundes var han ein engasjert samfunnsdebattant. Han kjempa mellom anna for full religionsfridom i landet, og han ønskte eit fritt og sjølvstendig Noreg. I tillegg ivra han for opplysningsarbeid, han skreiv for bønder og arbeidarar og var med på å etablere folkebibliotek fleire stader i landet.

I 1828 debuterte han med Digte. Første Ring. I denne boka er kjærleiken eit sentralt tema. Hovudverket Mennesket, Skabelsen og Messias kom ut i 1830. I dette storslåtte visjonsdiktet formulerte han eit program for religiøs og politisk fridom: Menneska treng kunnskap og opplysning for å kunne søkje fred med kvarandre, og skilnadene mellom folk må bli mindre. Dette prøvde Wergeland å vise med ein gjennomgang av verdshistoria frå skapinga og fram til dei siste dagar. I 1834 kom så Digte. Anden Ring.

Ein kontroversiell diktar

Med desse tre bøkene sette Wergeland ein ny standard for versekunst. Men han braut også alt som fanst av reglar for lyrikk, og det gjorde han til ein kontroversiell diktar. I tillegg var han ein person som lett kom i konflikt med andre. Han skaffa seg mange uvener og hamna stadig i kranglar og diskusjonar med folk.

Etter at avisa Morgenbladet skulda han for å vere i dårleg humør – "i slett lune" – skreiv han i affekt diktet "Mig selv". I diktet hevdar han at slike angrep mot han som person ikkje rammar han fordi han har så mykje anna og større å glede seg over, nemleg alle opplevingane naturen gir han. Diktet er eit godt døme på korleis Wergeland skreiv i augeblinken, og på evna hans til å skape nye språklege bilete.

Usemje om formålet med diktekunsten

Kva er god dikting, og kva er formålet med diktinga? Desse spørsmåla var Welhaven og Wergeland usamde om. Welhaven meinte at tankar og kjensler måtte ordnast og foredlast før dei kunne bli til dikting. Forma måtte spegle denne foredlinga, derfor måtte diktaren underkaste seg strenge reglar for strofebygnad og språklege uttrykk.

Wergeland eksperimenterte derimot med versemål og rim, han prøvde å finne den forma som stod til det han vil uttrykkje. For Welhaven var dikta til Wergeland merkte med «alle poesiens dødssynder». Han hevda mellom anna at Wergeland sine dikt mangla klarleik, og at dei var skjemde av altfor sterke kjensler og drifter.

Både Welhaven og Wergeland var i grunnen samde om at diktarevna er ei spesiell gåve, men Welhaven meinte at diktinga først og fremst skal medverke til eit rikare indre liv for lesaren. Wergeland ville derimot ikkje skape «sofalitteratur», som han kalla den danske, upolitiske litteraturen som Welhaven sette høgt. For han hadde diktarane også ei politisk oppgåve: Dei skal vere «idéanførere og folkenes lærere».

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale