Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

En folkefiende

En folkefiende er ein adaptasjon av Henrik Ibsen sitt skodespel frå 1882. Det passar fint å sjå filmen når du skal nærme deg Ibsen sine tekstar i norskfaget, når du skal øve deg på filmanalyse, eller når du skal diskutere grenser for ytringsfridom i fag som medie- og informasjonskunnskap og samfunnsfag.

Om filmen

Regi: Erik Skjoldbjærg
Manus: Nikolaj Frobenius
Kinopremiere: 21. januar 2005

Filmskaparane har laga ein moderne versjon av Ibsens originaldrama. Handlinga går føre seg i ei bygd på Vestlandet. Kurbadet frå teaterstykket har i filmen blitt ei drikkevasskjelde, og Tomas Stockman (Jørgen Langhelle) ein kjend TV-personlegdom og ernæringsfysiolog. Stockman vender tilbake til heimstaden for å starte sal av vatn frå ei kjelde i bygda saman med broren Peter. Dei to brørne planlegg å selje vatnet på flaske og marknadsføre det som verdas reinaste vatn. Prosjektet fører til entusiasme og nytt håp blant innbyggjarane i bygda. Det syner seg etter kvart at vatnet ikkje er så reint som alle trudde. Stockman prøver å få sanninga fram, men han blir motarbeidd av media, folket i bygda og sin eigen familie.

Oppgåve 1: Filmanalyse

Analyser spelefilmen En folkefiende. Filmanalysen bør innehalde og utdjupe:

  • kven som har laga filmen, og korleis han blei motteken
  • handling og miljø
  • karakterar, og korleis karakterane utviklar seg
  • forteljemåte og dramaturgi
  • bruk av symbol
  • kamerabruk og klipping
  • fargebruk
  • lyd
  • kva filmen vil fortelje oss

Oppgåve 2: Frå teaterstykke til film

  1. Korleis skil handlinga i filmen seg frå handlinga i originaldramaet? Er det noko som er utelate eller lagt til?
  2. Gjer ei samanlikning av spenningskurva (dramaturgien) i dei to tekstane.
  3. Vurder om dette er ein vellykka adaptasjon av Ibsens En folkefiende.

Oppgåve 3: Ytringsfridom

Både Ibsen sitt drama og spelefilmen En folkefiende illustrerer kor vanskeleg det kan vere for eit einskildindivid å varsle om kritikkverdige forhold, dersom aktørar med makt og sterke eigeninteresser kjempar imot.

Diskuter desse spørsmåla i grupper, eller saman i heile klassen:

  1. Kjenner du til saker frå media der eit enkeltmenneske har varsla om problematiske forhold i ein kultur, i samfunnet generelt eller i institusjonar med makt eller sterk påverknadskraft i samfunnet?
  2. Kan det i nokre tilfelle vere naudsynt å verne samfunnet mot visse typar ytringar? Kom gjerne med eksempel.
  3. Kven er det som skal bestemme kva ytringar som eventuelt ikkje skal tolererast i samfunnet, og korleis bør slike avgjerder takast?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale