Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. BeatlesChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Spillefilm

Beatles

Beatles er ein film om oppvekst, musikk, gutestrekar, forelsking og venskap. Filmen, som byggjer på Lars Saabye Christensen sin populære roman med same namn, handlar om dei fire gutane Kim, Seb, Gunnar og Ola som er Beatles-fans i Oslo på 60-talet.

Filmdetaljar

Regi: Peter Flinth

Manus: Axel Hellstenius

Produsent: Jørgen Storm Rosenberg

Skodespelarar: Ole Nicolai Myrvold Jørgensen, Halvor Tangen Schultz, Håvard Jackwitz, Louis Williams, Peter Gantzler, Jonathan Chedeville, Susanne Boucher, Karoline Petronella Ulfsdatter Schau, Tomas Borg Henriksen

Forfattar: Lars Saabye Christensen

Foto: Philippe Kress

Musikk: Magne Furuholmen

Produksjonsselskap: Storm Rosenberg AS

Om filmen

I regissør Peter Flinths Beatles blir vi med tilbake til Oslo på 60-talet. På denne tida skyt romteknologien fart, Vietnamkrigen bryt ut, og Berlinmuren blir bygd. Det britiske bandet The Beatles skyt også fart på stjernehimmelen og oppnår raskt ein lidenskapeleg tilhengjarskare verda over, også i Noreg. Dei fire bestevenene Kim, Seb, Gunnar og Ola er dedikerte Beatles-fans og liker å omtale seg sjølve som Paul, John, Ringo og George etter dei originale band-medlemene.

Filmen startar med lyden av Beatles-låta «She Loves You». Vi blir først introduserte for rammeforteljinga gjennom Kim (Paul McCartney) som sit i klasserommet og skal skrive stil om førebiletet sitt. Mens vi høyrer stilen til Kim som ein indre monolog, blir resten av karakterane frå venegjengen introduserte. Dette skjer gjennom tilbakeblikk til hendingar gjennom det siste året, der vi mellom anna blir med på badetur, sykkelturar i Oslo sine gater, familiemiddagar, lytting til musikk på guterommet, kinobesøk, flørting og forelskingar.

Lars Saabye Christensen

Lars Saabye Christensen (1953) er ein norsk forfattar som har skrive ei rekkje romanar, noveller, dikt, skodespel og filmmanuskript. Den første romanen hans, Amatøren, vart gitt ut i 1977. Gjennombrottet hans kom i 1984 med romanen Beatles. I 1988 kom boka Herman, om ein ung gut som får ein sjukdom som får håret til å falle av. Herman vart filmatisert i 1990.

Bandet The Beatles

The Beatles blir rekna som eit av verdas mest suksessrike og populære band gjennom tidene. Bandet vart grunnlagt i Liverpool i 1960 og bestod av medlemene Paul McCartney, John Lennon George Harrison og Ringo Starr.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale