Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. HustruerChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Spelefilm

Hustruer

Filmklassikeren Hustruer vil for alltid ha ein viktig plass i norsk filmhistorie. Men han vil òg alltid bli rekna som ein svært viktig kvinnepolitisk film som mellom anna tilbakeviste dei mange vedtekne sanningane om kvinna si plass i samfunnet.

Om filmen

Hustruer (1975) er den første av tre filmar om dei tre venninnene Kaja, Heidrun og Mie som stikk av frå mann og barn og dreg på rangel. I 1985 og 1996 kom dei to neste hustrufilmane, Hustruer – ti år etter og Hustruer 3, der vi følgjer dei same jentene ti og tjue år seinare. I desse filmane fekk ein sjå korleis kvinner kunne opptre leikent og provoserande når dei var utan mennene og barna sine, noko som skapte debatt og engasjement langt utover filmlerretet.

Om regissøren

I over 50 år har regissør Anja Breien vore ein av dei viktigaste figurane innan norsk film og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar. Med regissørutdanninga frå den franske filmhøgskulen i Paris på starten av 60-talet blei ho første norske kvinne med regiutdanning frå ein anerkjend filmskule. Sidan har ho vore ein aktiv samfunnsdebattant med dei mange spelefilmane og kortfilmane ho har regissert.

Anja Breien debuterte med kortfilmen Vokse opp – Sagnet om rypa i Justedalen i 1967. Den første heilaftans spelefilmen hennar var Voldtekt (1971), etterfølgd av Hustruer i 1975, Hustruer – ti år etter (1985), som vann ein Amanda for beste film i 1986, og Hustruer 3, som hadde premiere i 1996. Med filmen Arven (1979) blei ho trekt ut til å vere med i hovudprogrammet under filmfestivalen i Cannes. Det var første gong ein norsk film var med. Kortfilmen Å se en båt med seil vann prisen for beste europeiske kortfilm i Berlin i 2000.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kjeldemateriale