Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Tema: Opp, alle jordens bundne treller!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Opp, alle jordens bundne treller!

Temaoppgåver om arbeidarrørsla og framtidsoptimisme. Velg ei eller flere av oppgåvene.

Sovjetisk propagandaplakat for verdensrevolusjonen 1922

Industri og framtidsoptimisme

Moderniteten sin ukuelege og optimistiske tru på framsteget er lett å få auge på i synet arbeidarrørsla hadde på kva som ville løfte landet og folket opp og fram. Fabrikkar, kraftleidningar og kraftstasjonar vart symbola på eit velferdssamfunn der alle skulle få tilgang til goda i samfunnet – slik som bustad, sikker lønn og eit godt utbygd helsevesen.

Den internasjonale kampsongen til arbeidarrørsla, Internasjonalen, oppfordrar arbeidarar i alle land til samhald, og til å tru på framtida. Ein norsk forfattar som skildrar livsvilkåra til arbeidarane og kampen deira for eit betre samfunn, er lyrikaren Rudolf Nilsen.

Draumen om det klasselause samfunnet

Dag Solstads roman Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982) handlar om draumen om den kommunistiske utopien. Gjennom ein væpna revolusjon skulle arbeidarklassen ta over makta og skape eit klasselaust idealsamfunn.

Også filmen Gymnaslærer Pedersen (2006), som byggjer på romanen til Solstad, skildrar engasjementet og framstegsoptimismen som prega kommunistrørsla i Noreg på 1970-talet. Vi møter gymnaslærar Pedersen og partifellane hans i AKP (m-l) i Larvik. Fleire av vennene og partifellane hans vel å forlate jobbane som akademikarar, ingeniørar og legar for å jobbe i tradisjonelle industriarbeidaryrke. Dei sjølvproletariserer seg, i kampen for eit betre samfunn.

Internasjonalen (utdrag)

Opp, alle jordens bundne trelle,

opp, I som sulten knuget har!

Nu drønner det av rettens velde,

til siste kamp det gjøres klar.

Alt det gamle vi med jorden jevner,

opp slaver nu til frihet frem!

Vi intet var, men alt vi evner

til rydning for vårt samfunns hjem

Glansbiletet falmar

I overgangen frå eit industrielt samfunn til eit såkalla post-industrielt samfunn skjer det noko med synet vårt på framsteg og teknologi. Kva for negative konsekvensar har utbygging av kraftstasjonar? Fører industri og fabrikkar berre med seg velstand og framsteg? Og er arbeidarrørsla og den kommunistiske utopien vegen å gå for dei som ønskjer ein rettferdig velferdsstat for alle?

I songen Working Class Hero (1970) skildrar Beatles-legenda John Lennon (1940–1980) dei mindre positive sidene ved livet til arbeidarklassen.

Oppgåve 1

Studer Arbeidarpartiet sin valplakat Vi bygger framtidens Norge frå 1945.

Plakta som viser industi, kraftanlegg, bondegårder og fiskebåter. Illustrasjon.
  1. Korleis er plakaten komponert? Bruk fagomgrep om komposisjon frå Galleri K & K.
  2. Kva for verkemiddel bruker Arbeidarpartiet i plakaten for å fremje framstegstanken?

Oppgåve 2

Samanlikn valplakaten med Rolf Grovens måleri 1972. Norsk nyromantikk.

  1. Kven er dei to personane på biletet, og kva for parti representerer dei?
  2. Kva for verkemiddel bruker Groven i dette biletet?
  3. Kva for syn på teknologi, industri og framsteg kjem til uttrykk i dette biletet? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 3

Ei av dei store politiske sakene 2010/2011 var debatten om utbygging av kraftleidningar i Hardanger. Dei såkalla "monstermastene" vekte enorme reaksjonar, både lokalt og nasjonalt. Regjeringa, med Arbeidarpartiet i spissen, vart svært hardt pressa. Samanlikn Groven sitt bilete Bevar Hardanger og Arbeidarpartiet sin valplakat frå 1945.

  1. Kva for symbol finn du i bileta?
  2. Kva for kjensler speler dei på?
  3. Kva for syn på framsteg er desse to plakatane uttrykk for?
  4. Trur du valplakaten frå 1945 hadde fungert i Arbeidarpartiet sin valkamp i dag? Grunngi svaret.

Oppgåve 4

Sjå filmtraileren til filmen Gymnaslærer Pedersen.

Kva for inntrykk gir traileren av optimismen og engasjementet til den norske kommunistrørsla?

  1. Korleis forklarer Bokmålsordboka omgrepet "sjølproletarisering"?
  2. Kva kan grunnen vere til at fleire akademikarar valde å sjølvproletarisere seg på 1970-talet?
  3. Kva seier dette om det synet dei hadde på framsteg?

Oppgåve 5

Les songteksten Working Class hero av John Lennon.

  1. Kva kjenneteiknar ein "arbeidarklassehelt" ifølgje John Lennon?
  2. Er teksten optimistisk eller pessimistisk i synet på vilkåra for arbeidarklassa? Grunngi svaret ditt.
  3. Samanlikn tekstane Internasjonalen (sjå tekst nr. 4 på nettsida) og Working class hero.
  4. Kva for kontrastar i synet på framsteg kjem fram i dei ulike songtekstane?

Oppgåve 6

Les tekstane til Revolusjonens røst og Den nye kamerat av Rudolf Nilsen.

Diktet Revolusjonens røst finn du på s. 67 og diktet Den nye kamerat på s. 112 i den digitale boka Rudolf Nilsen: Samlede dikt

  1. Korleis vert livet og kampen til arbeidarklassen skildra i desse dikta?
  2. Uttrykkjer dikta nokon framtidsvisjon? Kva går denne i tilfelle ut på?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale