Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kjartan Fløgstad: Dalen Portland

Oppgåver om Kjartan Fløgstad og romanen Dalen Portland.

Arbeidere ved Sauda Smelteverk
Mange av Kjartan Fløgstads romanfigurar er industriarbeidarar i etterkrigstidas Noreg, som desse arbeidarane ved Sauda smelteverk.

Introduksjon

Kjartan Fløgstad (1944–) er ei særeigen røyst i norsk litteratur. Med bakgrunn i norsk industriarbeidarkultur, og med ei sterk interesse for Latin-Amerika, har han gjennom heile forfattarskapen bidrege med utradisjonelle innfallsvinklar og perspektiv. Politisk og tematisk har han mykje til felles med sosialrealismens forfattarar. Men poetisk og kulturelt er han sterkt inspirert av den latinamerikanske magiske realismen.

Les meir: Isabel Allende og magisk realisme

Fløgstad kjem frå industrisamfunnet Sauda i Rogaland. Sauda har ein sentral plass i forfattarskapen hans, ofte under det fiktive namnet Lovra. Det er Sauda, eller Lovra, som er utgangspunktet for handlinga i romanen Dalen Portland. Romanen er eit stykke industrihistorie, og eit stykke noregshistorie. I romanen følgjer vi to generasjonar industriarbeidarar, frå midten av 1930-åra til midten av 1970-åra.

Dalen Portland

Dalen Portland Cementfabrik er namnet på ein sementfabrikk i Brevik i Telemark. Produksjonen starta i 1918 basert på stein frå kalkgruvene i Dalen. Bedrifta fekk namnet Norcem i 1968.

Ein kan lese Dalen Portland som ei realistisk skildring av eit land i endring. Fløgstad fortel historia om korleis det gamle bondesamfunnet, som var eit sjølvbergingssamfunn, vert erstatta av eit moderne kapitalstyrt industrisamfunn.

Men romanen er også ei mentalitetshistorisk forteljing. Kva skjer med enkeltindividet når jordbruks- og sjølvbergingssamfunnet vert skifta ut med eit kapitalistisk industrisamfunn, eit mediesamfunn, eit velferds- og forbrukarsamfunn? Korleis taklar eit menneske at dei verdiane samfunnet byggjer på, endrar seg?

Kjartan Fløgstad om forfatterskapet sitt

0:00
Kjartan Fløgstad om forfatterskapet sitt

Oppgåver

Dalen Portland – mellom sosialrealisme og magisk realisme.

Les om romanen Dalen Portland av Kjartan Fløgstad i introduksjonsteksten, lytt til intervjuet med forfattaren, og jobb med desse oppgåvene:

  1. Finn døme på at Kjartan Fløgstad har vore oppteken av industrihistorie og identiteten til industriarbeidarane i store delar av forfattarskapen sin.
  2. Kva vil det seie at Fløgstad har vore trufast mot eit marxistisk grunnsyn på verda?
  3. Nemn tre hovudinteresser som har prega forfattarskapen hans.
  4. Peik på konkrete døme på at romanane til Fløgstad er sterkt samfunnskritiske, til dels satiriske.
  5. Gjer kort greie for motiv og tema i romanen Dalen Portland.
  6. Kva for fellestrekk har romanen med den sosialrealistiske litteraturen på 1970-talet?
  7. Kva ligg i omgrepet magisk realisme, og kvifor vert dette omgrepet ofte knytt til latinamerikansk litteratur?
  8. Kva er det ved Dalen Portland som gjer romanen til ein magisk realistisk tekst?
  9. Høyr på intervjuet med forfattaren. Kva meiner Kjartan Fløgstad med at "ein forfattar skal både poetisere og politisere"?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale