1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Dag Solstad: Gymnaslærer PedersenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dag Solstad: Gymnaslærer Pedersen

Oppgåver om Dag Solstad og romanen Gymnaslærer Pedersen.

Lydklipp: Dag Solstad om boka om gymnaslærar Pedersen.

Introduksjon

Dag Solstad er kanskje den mest markante representanten for sosialrealismen i Noreg. I romanar som 25. septemberplassen (1974), Svik. Førkrigsår (1977) og Krig. 1940 (1978) skriv han med eit klart politisk føremål. Han ønskjer å skildre livet og kampen til arbeidarklassa. Bøkene inneheld ein klår kommunistisk appell.

Språk og skrivestil er prega av realismen sine ideal om å etterlikne røyndomen. Den politiske appellen i den sosialrealistiske litteraturen er endå tydelegare enn hos dei kritiske realistane 100 år før. Litteraturen på 1970-talet skulle oppfordre til klassekamp!

Med romanen Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982) tek Solstad på mange måtar eit oppgjer med fundamentet for sosialrealismen. Romanen viser at det politiske opprøret på 1970-talet, eit opprør Solstad sjølv var ein del av, ikkje berre var prega av samhald og entusiasme.

Solstad leiker også med den sosialrealistiske forteljarmåten. Då gymnaslærar Pedersen syklar over vatnet til sommarleiren på Håøya (s. 198–199), bryt Solstad med realismen sitt krav om å skildre røyndomen.

AKP (m-l)

Arbeidernes kommunistparti vart stifta i 1973. Dei definerte seg sjølve som marxist-leninistar. Partiet var tilhengjar av væpna revolusjon, og hadde Mao Zedong som førebilete. Mange studentar og intellektuelle slutta seg til AKP (m-l) i 1970-åra. Avisa Klassekampen var eit talerøyr for partiet.

Oppgåver

Om Solstad si politiske vekking.

Lytt til intervjuet med Solstad, sjå filmklippet, les periodeomtalen og utdraget frå Solstad-romanen Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land . Jobb så med desse oppgåvene:

  1. Kva kjenneteikna AKP (m-l)-rørsla?
  2. Kva kjempa medlemmene for?
  3. Kvifor trur du Solstad har gitt romanen om gymnaslærar Pedersen den tittelen boka har fått?
  4. Høyr på intervjuet med Solstad. Kva for haldning uttrykkjer forfattaren her at han no har til det som skjedde på 70-talet?
  5. Sjå filmtraileren. Leit etter ting som underbyggjer at filmen handlar om AKP (m-l)-rørsla og det politiske opprøret på 1970-talet. Korleis skildrar filmen entusiasmen og engasjementet til AKP (m-l)?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale