Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosialrealisme og magisk realisme

100 år etter gjennombrottet til den kritiske realismens fekk vi på ny ein litteratur som ønskte å setje problem under debatt. På 1970-talet handla tema og motiv om arbeidarklassa og posisjonen kvinnene hadde i samfunnet.

Kvinner går i 8. marstog 1973

Forfattarane i teneste for folket

1970-talet er eit tiår prega av eit sterkt politisk engasjement og politisk radikalisering. Ei rekkje forfattarar stod fram som forkjemparar for marxist-leninismen. Dette prega også litteraturen. 100 år etter at den kritiske realismen fekk eit gjennombrott, fekk vi på ny ein litteratur som ønskte å setje problem under debatt. Denne gongen var det arbeidarklassa og posisjonane kvinnene hadde i samfunnet, som vart motiv og tema i forfattarskapane til forfattarar som Dag Solstad (1941–), Bjørg Vik (1935–), Toril Brekke (1949–) og Kjartan Fløgstad (1944–).

Sosialrealisme

Dag Solstad er i dette tiåret ein viktig representant for sosialrealismen. I romanen Arild Asnes (1971) tek lesaren del i oppgjeret den unge intellektuelle mannen tek med si eiga samtid og sitt eige liv. Arild Asnes finn seg sjølv idet han melder seg inn i det politisk radikale partiet AKP (m-l ) og deltek i kampen for arbeidarane sine rettar. Arild Asnes er eit typisk døme på sosialrealistisk litteratur, ein litteratur sterkt prega av politisk engasjement – og med ein tydeleg bodskap.

Arild Asnes 1970 (utdrag)

Arild Asnes hos folket. Han så seg omkring og trodde ikke på at de ville reise seg. Dette gjorde han fortvilet, for han visste at hvis han ikke trodde det, så ville han aldri kunne kjempe for arbeiderklassenes frigjøring med den glød som er nødvendig hvis kampen skal lykkes.

Arild Asnes kom til å tenke på en revolusjonær som hadde lykkes. Han tenkte på Mao Tsetung. En ettermiddag i november satt den norske forfatteren Arild Asnes på T-banen til Grorud og tenkte på Mao Tsetung.

Ein ung Dag Solstad i 1971 om kva som kan kallast politisk litteratur.

Forfattarane Bjørg Vik og Toril Brekke ville vise kor nært knytt den kvinnelege intimsfæren er til makttilhøva elles i samfunnet, på same måte som Camilla Collett gjorde litt over hundre år før dei. Medan Sofie i Collett sin roman Amtmandens Døttre (1854–55) ikkje får velje kven ho skal gifte seg med, synleggjorde desse sosialrealistiske forfattarane at mange kvinner framleis lever i forhold som er prega av undertrykking. Kvinnene lever i ekteskap der dei i liten grad kan bestemme over eigen kropp og eigen seksualitet eller gjere sjølvstendige val med omsyn til yrke og familie.

Ein slik "kjøkkenbenkrealisme" finn vi også igjen i 2000-talets litteratur. Forfattarar som Olaug Nilsen (1977–) og Trude Marstein (1973–) tek føre seg det handlingsrommet kvinner har, og dei moglegheitene dei har til å sjonglere mellom familieliv og eit aktivt yrkesliv.

Temaet i filmen Hustruer (1974) av Anja Breien er kvinnefrigjering. Filmen handlar om tre gifte kvinner som forlét mann og barn i tre døgn og går på rangel.Sjå gjerne ein smakebit av filmen:

Bodskapen det viktigaste

I ettertid har denne litteraturen fått ein del kritikk, ein kritikk som til tider også har vore retta mot den kritiske realismen. Forfattaren Knut Hamsun (1859–1952) tok i si tid eit oppgjer med dei som hevda at litteraturen skulle setje problem under debatt. Han meinte at menneska dei skreiv om, var typar, ikkje individ. Ideane og samfunnsengasjementet kan skugge for at litteraturen har høve til å skildre menneske som komplekse individ.

Denne kritikken vart også retta mot forfattarane på1970-talet. Kritikarane meinte at bodskapen i litteraturen skygde for den litterære kvaliteten.

Språkleg realisme

Forfattarane på 1970-talet skreiv ofte på radikalt bokmål og brukte dialekt i tekstane sine. Dei skildra arbeidarmiljø med sterkt engasjement og med verkemiddel som understreka realismen.

Men denne litteraturen inneheld også døme på leik med språk og verkemiddel. Mange av 70-talsromanane bruker dokumentariske innslag for å skape realisme. Denne forma for sjangerblanding er eit modernistisk og postmodernistisk trekk, som på mange måtar peikar ut over ein streng realistisk estetikk.

Magisk realisme

Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad

Medan den sosialrealistiske litteraturen framleis dominerte på 1970-talet, tok Kjartan Fløgstad (1944–) til med å leike med den latinamerikanskinspirerte magiske realismen. Dette er ein måte å skrive forteljingar på der forfattaren blandar det fantastiske og det realistiske. Lesaren vert invitert til å tru at den verda dei møter i teksten, er røyndomen, men mange av elementa i teksten overskrider det som er mogleg i den reelle verda.

Romanen Dalen Portland (1977) har mange fellestrekk med den politisk radikale sosialrealismen i motiv og tema. Her møter vi sjømannen Rasmus Høysand. Han er på mange måtar ein eventyrfigur, proppfull av magiske og fantastiske forteljingar – både sanne og oppdikta. Slik sett har han mykje felles med dei karakterane vi møter i ein av dei nyaste romanane til Fløgstad, Nordaustpassasjen, som vart utgitt i 2012.

Kjartan Fløgstad om forfatterskapet sitt

0:00
Kjartan Fløgstad om forfatterskapet sitt

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale