Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Olav Duun: Medmenneske

Olav Duun (1876–1939) er ein sentral representant for norsk nyrealisme. Duun skreiv på nynorsk, men med rikt innslag av namdalsdialekt, for å skape realisme i forteljingane sine. I tekstar som seksbindsverket Juvikfolket (1918–23) og i Medmenneske (1929) utforskar han menneskesinnet.



Korleis taklar menneska dei samfunnsendringane som finn stad i byrjinga av 1900-talet? Korleis leve livet i spenninga mellom det nye og det gamle? Og korleis leve livet i kampen mellom det gode og det vonde? Som andre nyrealistar er Duun oppteken av ulike etiske og moralske spørsmål. Han skriv om korleis menneska kjempar mot krefter og makter dei ikkje alltid kan rå over.

Olav Duuns roman Medmenneske i originalutgåve frå 1929 finn du i den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket: Medmenneske

Otto Hageberg fortel om romanen [i]Medmenneske[/i] og dei verkemidla forfattaren bruker for å få fram spenningane i Ragnhild og synleggjere tilhøvet mellom henne og svigerfaren Didrik.

Sjå videoen med Otto Hageberg og les om Olav Duuns roman Medmenneske. Jobb deretter med desse oppgåvene:

  1. Kvifor vert nyrealismen kalla ein etisk realisme?
  2. Kva var den litterære grunnen til at Duun skreiv på sin eigen dialekt?
  3. Kvifor skreiv Duun og andre nyrealistar historiske romanar?
  4. Gjer kort greie for handling og tema i romanen Medmenneske.
  5. Kva for verkemiddel meiner Hageberg at Duun bruker for at vi skal verte kjende med karakterane i romanen? Korleis skaper Duun realisme?
  6. Kva er motiv og tema i Menneske og maktene?
  7. Eit kjent sitat frå Medmenneske er "Det vonde drep du ikkje med øks". Kva trur du forfattaren meiner med det?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale