1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Nyrealismen – ein etisk realismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nyrealismen – ein etisk realisme

Felles for litteraturen som vart skriven i tidsrommet mellom 1900 og ca. 1930 var eit ønske om å kaste lys over ulike etiske problemstillingar som kvart enkelt menneske vert stilt overfor. Dette er bakgrunnen for omgrepet etisk realisme.

Dialogen mellom foreldra til Kristin, Ragnhild og Lavrans, i sluttscena i filmen Kristin Lavransdatter, basert på ein roman av Sigrid Undset, er eit døme på etiske problemstillingar som nyrealistane var opptekne av.

Etiske problemstillingar

Først på 1900-talet får vi ein ny realistisk periode, nyrealismen eller etisk realisme. Felles for litteraturen som vart skriven i tidsrommet mellom 1900 og ca. 1930 var eit ønske om å kaste lys over ulike etiske problemstillingar som kvart enkelt menneske vert stilt overfor. Dette er bakgrunnen for omgrepet etisk realisme.

Dei kritiske realistane på 1870–80-talet skreiv om litterære karakterar som fungerte som representantar for ulike grupper i samfunnet. Nyrealistane var meir individorienterte. Forfattarane var opptekne av at mennesket har eit moralsk ansvar både for seg sjølv og for andre.

Nokre nyrealistiske forfattarar:

  • Sigrid Undset (1882–1949)
  • Olav Duun (1876–1939)
  • Johan Falkberget (1879–1967)

Medmenneske

Medmenneske av Olav Duun
Det Norske Teater sette opp stykket [i]Medmenneske[/i] av Olav Duun i 1967. Her er ei scene frå stykket, der "Kvitugla" ligg på det siste. Vi ser Astrid Sommer som Kvitugla og Marit Bolling som Indiana.

I Duuns Medmenneske (1929) vert hovudpersonen Ragnhild stilt overfor eit vanskeleg etisk val, i kampen mot ein grueleg svigerfar. Skal ho drepe han, og sjølv ta det ansvaret som mannen hennar elles kan verte tvungen til å ta?

Duun tok utgangspunkt i sitt eige oppvekstmiljø når han skreiv – og replikkane er ofte skrivne på namdalsmål, den dialekten Duun sjølv snakka. På denne måten skapte Duun eit meir realistisk miljø for karakterane sine.

Duun var oppteken av konsekvensane vala vi tek, får, både for oss sjølve og for medmenneska våre:

Om persongalleriet i romanen Medmenneske av Olav Duun

Kristin Lavransdatter

Sigrid Undset var ein av mange nyrealistar som skreiv historiske romanar. I romantrilogien hennar om Kristin Lavransdatter – Kransen (1920), Husfrue (1921) og Korset (1922) – går handlinga føre seg i mellomalderen. Livet til hovudpersonen Kristin er prega av ulike etiske konfliktar, mellom eigne kjensler og dei forventningane samfunnet har til henne – og mellom tvil og tru.

Kristin vert stilt overfor mange etiske val, både som ung jente og som vaksen kvinne:

Også andre nyrealistar skreiv historiske tekstar. Denne perioden i norsk litteraturhistorie er prega av forfattarar som var opptekne av kva for verdiar ein skulle tufte det nye Noreg på etter unionsoppløysinga. I fleirbindsverk, der heile eller delar av handlinga er lagd til historisk tid, får vi ei oppleving av samanhengen mellom dei vala eit individ tek, og dei konsekvensane dette får både for dei sjølve og for omgivnaden.

Johan Falkberget

Johan Falkberget var ein av dei store historisk orienterte forfattarane på 1920- og 1930-talet. Som nyrealist prøvde han å forstå samtida ved å gjenskape fortida i gruvesamfunnet Røros.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale