Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Knut Hamsun: Pan

Forfattaren Knut Hamsun (1859–1952) vart ein sentral representant for dei nyromantiske og modernistiske rørslene som oppstod på slutten av 1800-talet.

Nordmann i solnedgang

Då han slo igjennom med romanen Sult i 1890, var han med på å føre modernismen inn i norsk litteratur. Etter kvart utvikla forfattarskapen hans seg meir i retning av nyrealisme.

Han var ein skarp kritikar av den realistiske tendenslitteraturen som handla om å setje problem under debatt. Hamsun meinte at litteraturen skulle handle om enkeltindivid, ikkje typar, og han ville syne fram kor komplekst og irrasjonelt eit menneske kan vere.

Utdrag frå romanen Pan s. 18–19

«Det begynte å bli ingen nat, solen dukket så vidt skiven ned i havet og kom så op igjen, rød fornyet, som om den hadde været nede og drukket. Hvor det kunde gå mig forunderlig om nætterne; ingen menneske tror det. Sat Pan i et træ og så på mig hvorledes jeg vilde bære mig ad? Og var hans mave åpen, og var han således sammenkrøpen at han sat som om han drak av sin egen mave? Men alt dette gjorde han bare for å skule og holde øie med mig og hele træet rystet av hans tause latter når han så at alle mine tanker løp av med mig. Det pustet overalt i skogen. Dyr snuste, fugler kaldte på hverandre, deres signaler fyldte luften. Og det var oldenborrens flyveår, dens svirren blandet sig med natsommerfuglenes, det lød som hvisken fre, og hvisken tilbake rundt omkring i skogen. Hvor der var meget å høre. Jeg sov ikke i tre nætter, jeg tenkte på Diderik og Iselin.»

Du kan lese heile romanen Pan i Nasjonalbiblioteket si digitale bokhylle. Denne digitale versjonen er basert på Gyldendal si skoleutgåve frå 1961: Knut Hamsun: Pan

Oppgåver

Les om Hamsun og romanen og jobb med desse oppgåvene:

  1. På 1880-talet budde Hamsun i Chicago. Korleis påverka åra der synet hans på moderniseringa av samfunnet?
  2. Kvifor vart Hamsun ein beundrar av tysk politikk, ånds- og samfunnsliv? Og kvifor måtte han tåle kraftig kritikk fordi han såg opp til Tyskland?
  3. Kva var det Hamsun kritiserte realistane på 80-talet for? Og kva for litteratur ønskte han i staden for den realistiske?
  4. Kva vil det seie at Sult er ei modernistisk bok? (Sjå videoen du finn på s. 13.)
  5. Kva handlar romanen Pan om?
  6. Kva er det som gjer Pan til ein nyromantisk tekst?
  7. Kva vil det seie at Pan er ein prosalyrisk tekst? Les det vesle utdraget du finn på sida her, og peik på konkrete prosalyriske trekk.
  8. Romanen har ein eg-forteljar. Les om dette i den digitale boka i Språk- og litteraturhistorisk tidslinje og sjå filmen på s. 19. Kva for funksjon har det at det er ein eg-forteljar i romanen Pan? Korleis bryt dette med den realistiske forteljarmåten? Kvifor trur du Hamsun valde eg-forteljar i romanen?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale