Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Vilhelm Krag: FandangoChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vilhelm Krag: Fandango

Då diktet Fandango vart lese høgt i Studentersamfunnet i 1890, skapte det stor begeistring. Forfattaren, den 19 år gamle studenten Vilhelm Krag, sette ord på noko som mange no lengta etter.

Danserinne. Foto.

"Fandango" appellerer til kjensler og stemningar, og har eksotisk musikk, livsglede og lidenskap som motiv. Dette engasjerte eit publikum som var leie av to tiår med tendenslitteratur og samfunnsproblem. Vilhelm Krag og Sigbjørn Obstfelder skreiv lyrikk på ein ny måte. Saman representerer dei den nyromantiske lyrikken, som også er ein tidleg norsk modernistisk lyrikk.

Både Obstfelder og Krag skriv i eit modernistisk formspråk, der rim, rytme og musikalitet bryt med den tradisjonelle lyrikken. Også i motiv og tema er desse dikta eit teikn på at noko nytt er i kjømda. Krag sitt dikt "Fandango" viser ein fasinasjon for eksotiske stader og miljø. Det utforskar menneskelege kjensler som attrå og intens livsglede, men også medvitet om at døden finst, og at alt er forgjengeleg.

Oppgåver

Lytt til diktet Fandango, og les om diktet og forfattaren Vilhelm Krag.

Fandango av Vilhelm Krag

0:00
Fandango av Vilhelm Krag
  1. Kva er ein fandango?
  2. Kva er nytt med diktet til Krag?
  3. Korleis bryt han med problemlitteraturen som prega litteraturen i to tiår før 1890?
  4. Kva meining ligg i omgrepet nyromantikk?
  5. Kva er det som er typisk nyromantisk i dette diktet?
  6. Kva er motivet i diktet, det vil seie, kva handlar det konkret om?
  7. Kven er Zerlina, og kva for funksjon har ho i diktet?
  8. Kva meiner du er tema? Grunngi svaret ditt med å vise til konkrete sider ved teksten.
  9. Peik på modernistiske trekk i diktet.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale