1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. NyromantikkenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nyromantikken

Nyromantikk, symbolisme, ekspresjonisme, fin de siècle og impresjonisme er alle kulturrørsler som er opptekne av sjelelivet, kjenslene og stemningane hos kvart enkelt menneske. Ein kan sjå dette som ein sivilisasjonskritisk reaksjon mot fornuft og framsteg.

Om 1890-åra

Frå fornuft til kjensler – igjen

På slutten av 1800-talet kjem det nok ein reaksjon på den sterke trua på fornufta. På denne måten er nyromantikk, symbolisme, ekspresjonisme, fin de siècle og impresjonisme nært knytt til den tidlege norske modernismen.

Forfattarar søkjer no mot naturen – eller innover i sjela – i ein kamp for å finne seg til rette i ei ny verd. Vitskap og fornuft gir ikkje svar på alle gåter og mysterium som livet byr på. Kjente nyromantikarar er Arne Garborg (1851–1924) og Knut Hamsun (1859–1952). Ein annan sentral nyromantikar er Sigbjørn Obstfelder (1866–1900). Han er mest kjend for dei modernistiske tekstane sine.

Psykologi og lengt etter det som har vore

Rundt 1890 oppstod det ein motreaksjon mot den realistiske, samfunnskritiske litteraturen. Forfattarane retta no blikket bakover mot romantikken og innover i menneskesinnet. I den nyromantiske perioden kom lyrikken tilbake for fullt. Han fann til og med vegen inn i forteljingar og romanar.

Mange forfattarar prøvde å skildre dei umedvitne og irrasjonelle sidene ved mennesket. Dei var påverka av teoriane til den austerrikske psykiateren Sigmund Freud (1856–1939), som utforska menneskesinnet på ein systematisk måte. Ein av dei viktigaste norske nyromantikarane, forfattaren Knut Hamsun (1859–1952), kravde at litteraturen no skulle handle om «... blodets Hvisken, Benpibernes Bøn, hele det ubevidste Sjæleliv.»

Les utdrag frå "Fra det ubevidste Sjæleliv" av Knut Hamsun

Hva om nu Litteraturen i det hele taget begyndte at beskæftige sig lidt mer med sjælelige Tilstande, end med Forlovelser og Baller og Landture og Ulykkeshændelser som saadanne? Man maatte da ganske vist give Afkald paa at skrive "Typer", - som allesammen er skrevne før, - "Karakterer", - som man træffer hver Dag paa Fisketorvet. Og forsaavidt vilde man maaske minste en Del af det Publikum, som læser for at se, om Helten og Heltinden faar hinanden. Men der blev til Gengæld flere individuelle Tilfælder i Bøgerne, og disse forsaavidt kanske mer svarende til det Sindsliv, som modne Mennesker i Nutiden lever.

Mange diktarar fekk på nytt interesse for naturen og livet på landsbygda. Dette livet vart eit ideal fordi det stod i kontrast til det rastlause, framandgjorte livet i byen og i industrisamfunnet generelt. På bygda var det framleis tette sosiale band mellom menneska, og tryggare rammer for tilveret. Ein del forfattarar brukte heimstaden sin og menneska der som utgangspunkt for det dei skreiv. Denne typen litteratur vert gjerne kalla heimstaddikting.

Haugtussa

Andre inspirasjonskjelder for dei nyromantiske diktarane var eksotiske land og kulturar, dessutan riddardiktinga i mellomalderen, folkeviser og folketru. Ein av dei nyromantiske lyrikarane som tok opp tema som mystikk, draumar og lengt i lyrikken sin, var Arne Garborg (1851–1924).

Garborg har mellom anna skrive diktsyklusen Haugtussa, som kom ut i 1895. Hovudpersonen er den unge jenta Veslemøy. Garborg skildrar utviklinga til Veslemøy frå jente til ung kvinne og kampen hennar mot dei mørke kreftene i eige sinn. Ho forelskar seg i ein gut, men vert sviken. Gjennom skildringar av kjærleik, lengt, svik og sakn får Garborg fram dei store, og til tider irrasjonelle, kjenslene som driv oss menneske.

Arne Garborg og Haugtussa

Veslemøy vert sett på som rar av dei fleste fordi ho er synsk. Ho sansar og ser meir enn andre. Denne sensibiliteten er både ei gåve og ei forbanning. Garborg bruker mellom anna førestillingar frå folketrua når han skildrar kjenslene til Veslemøy, og den indre kampen som går føre seg i sinnet hennar. Diktet vi har som døme, Måneskinsmøyane, er henta frå denne diktsyklusen.

Måneskinsmøyane

0:00
Måneskinsmøyane

Veslemøy er nært knytt til Jær-naturen. Denne koplinga mellom sjeleliv og natur er eit typisk trekk ved nyromantiske tekstar.

Pan

Knut Hamsun skreiv fleire nyromantiske romanar, mellom anna Pan (1894) og Victoria (1898). Romanane har fleire prosalyriske parti – det vil seie at sjølv om Pan er ein forteljande tekst, er det brukt mange verkemiddel frå lyrikken. Hamsun bruker til dømes gjentaking, rytme, besjeling, symbol og allitterasjon i romanen.

Pan handlar om Løytnant Glahn som forelskar seg i Edvarda, men dei får ikkje kvarandre. Både Glahn og Edvarda er typiske nyromantiske karakterar: Dei er kjenslevare og til tider irrasjonelle. Glahn er også svært rastlaus, og han klarer ikkje å finne roa i dei meir danna krinsane som Edvarda er ein del av. Ro og sjelefred finn han – som andre romantiske heltar – i naturen.

Den ulykkelege kjærleikshistoria viser også avstanden og konflikten mellom natur og kultur, mellom det ekte livet i pakt med naturen og det tilgjorte livet i sivilisasjonen. Desse motsetningane er typiske for nyromantisk litteratur.

Eg-perspektivet i Pan gir lesarane direkte tilgang til tankane og kjenslene til forteljaren. Vi opplever menneske og natur i lys av dei brå og irrasjonelle svingingane i sinnet til løytnant Glahn.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale