1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Tema: Seksuell frigjeringChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Seksuell frigjering

Seksualitet og seksuell frigjering er eit emne som har skapt sterke reaksjonar, heilt frå Amalie Skram skreiv romanen Forraadt i 1892. Men grensene for kva ein kan omtale, har endra seg. Er det framleis noko som er tabu å skrive om i vår tid?

Utdrag frå ein samtale om romanane [i]Forraadt[/i] og [i]Hellemyrsfolket[/i] av Amalie Skram.

Ein eigen seksualmoral for kvinner?

Då Amalie Skram (1846–1905) gav ut romanen Forraadt i 1892, tok ho opp eit tabubelagt tema: Kvifor skulle kvinner vere "reine" – det vil seie seksuelt uerfarne – før ekteskapet, medan mannen helst burde ha erfaring? I romanane hennar ser vi kva for konsekvensar seksualmoralen på den tida kunne få for enkeltindivida.

Då 17 år gamle Ory giftar seg med den 13 år eldre kaptein Rieber, er ho heilt seksuelt uerfaren. Ho er derfor skrekkslagen med tanke på kva som vert venta av henne bryllaupsnatta – og i samlivet etterpå. Ho driv også mannen til vanvit da ho ønskjer å vite alt om dei tidlegare seksuelle erfaringane hans. Avstanden mellom dei, i alder og livserfaring, øydelegg begge to.

Kristiania-bohemen krev "fri kjærleik"

maleri av Oda Krogh
Oda Krohg var ein del av Kristiania-bohemen. Ho hadde forhold både til målaren Christian Krogh og til forfattaren Hans Jæger.

Den same dobbeltmoralen er tema for tekstar som er skrivne av den krinsen som vert kalla Kristiania-bohemen, og vi ser eksempel på det i det livet dei levde. Hans Jæger (1854–1910) samanlikna det borgarlege ekteskapet med prostitusjon. I begge tilfelle er det snakk om at menn kjøper sex av kvinner som dei forsørgjer økonomisk, hevda han. Jæger og andre i bohemkrinsen argumenterte for ei oppheving av det borgarlege, monogame, ekteskapet. Dei ønskte "fri kjærleik", og rett til eit seksualliv også utanfor ekteskapet.

Litteratur til forarging

Ideane til Jæger vart opplevde som trugande og krenkjande av det borgarskapet han gjekk til åtak på, og i 1885 vart han dømt for å ha krenkt blygskapen med boka Fra Kristiania-Bohêmen.

Den same skjebnen råka Jens Bjørneboe (1920–1976) då han i 1966 gav ut Uten en tråd. Romanen, som ifølgje forfattaren sjølv var meint som ein satirisk leik med pornografien, var i mange år forbode å lese i Noreg. Ti år tidlegare hadde Agnar Mykle (1915–1994) sin roman Sangen om den røde rubin også forarga – mellom anna på grunn av dei detaljerte skildringane av seksualitet. Romanen vart først forboden, men både forfattar og forlag vart frikjente etter å ha anka til Høgsterett.

Generasjon sex

Seksualitet og seksuell frigjering er eit emne som framleis skapar sterke reaksjonar, sjølv om grensene for kva ein kan skrive om og vise fram, har endra seg i det hundreåret som er gått sidan Kristiania-bohemen gjorde opprør. I dag speler reklame-, mote- og musikkbransjen meir eller mindre ope på sex som salsfremjande argument. Vi har vorte "generasjon sex". Kor går grensene i dag for kva som er tabu, eller i alle fall pinleg, å skildre?

Kjeldetekstar

Oppgåver

  1. Les utdraget frå Forrådt av Amalie Skram. Gi ein karakteristikk av Ory.
    – Korleis vil du beskrive forholdet hennar til bryllaupsnatta?
    – Kva avslører samtalen mellom mora og Ory om synet på kvinner og seksualitet på den tida?
  2. Kva ligg i omgrepet dekadanse? Svaret finn du på s. 3 i periodeomtalen Nyromantikk i Språk- og litteraturhistorisk tidslinje.
  3. Korleis grunngir Kristiania-bohemen ønsket om "fri kjærleik"?
  4. Les forordet i Uten en tråd av Bjørneboe.
    – Kva er bodskapen til "orgasmespesialist" dr. Peterson?
    – Er du samd i synet hans på seksualmoralen? Grunngi svaret ditt.
  5. Les utdraget frå Sangen om den røde rubin.
    – Kvifor vart tekstparti som dette opplevde som støytande, trur du?
    – Diskuter om dette verker støytande i dag. I så fall kvifor / kvifor ikkje?
  6. Musikkvideoen til songen Alejandro med Lady Gaga har engasjert og provosert.
    – Korleis vert seksualitet skildra i videoen?
    – Diskuter: Syner videoen Lady Gaga som eit resultat av ein seksuell frigjeringsprosess, eller er ho her eit objekt og offer for ein industri som bruker sex som salsfremjande verkemiddel?
  7. 50 Cents Candy Shop speler på ei dobbelt tyding av omgrepet "candy shop".
    – Gjer greie for dei to tydingane dette omgrepet kan ha.
    – Diskuter kvinnesynet i videoen. Er kvinnene leiketøy for mennene, eller er dei sjølvstendige aktørar? Kven er objekt for kven her?
  8. Høyr på teksten til Slem tøs av og med A-laget.
    – Diskuter: Utfordrar denne videoen grensene våre for korleis kunst kan skildre seksualitet i dag?
  9. Ta utgangspunkt i utdraga frå Forrådt og Sangen om den røde rubin, og samanlikn måten tekstane presenterer seksualitet på med musikkvideoane til Lady Gaga og 50 Cent og teksten til A-laget.
    Diskuter:
    – Korleis har synet vårt på korleis seksualitet kan skildrast i kunsten, endra seg?
    – Kor går grensene i dag for kva som tabu?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale