1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Christian Krohg: AlbertineChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Christian Krohg: Albertine

Oppgåver til utdrag frå romanen Albertine av Christian Krohg.

Maleri som viser ei ung jente, Albertine, i eit venterom fullt av oppstasa prostituerte kvinner. Foto.
Christian Krohg: Albertine i politilegens venteværelse (1885–1887).

I 1886 gav målaren Christian Krohg ut romanen Albertine. Romanen er svært samfunnskritisk og handlar om ei ung, fattig syerske i Kristiania. Ho vert valdteken av ein politifullmektig og endar opp som prostituert.

Krohg måla fleire av scenene frå boka. I måleriet ovanfor ser vi Albertine på veg inn til politilegen. I Krohgs samtid måtte alle prostituerte møte jamleg til undersøking hos politilegen for å kontrollere om dei hadde kjønnssjukdommar. Du kan lese meir om situasjonen til dei prostituerte mot slutten av 1800-talet i artikkelen Virkelighetens Albertiner på nettstaden forskning.no.

For Albertine, som kjempar fortvila for å unngå eit liv som prostituert, er den gynekologiske undersøkinga hos politilegen den siste audmjukinga som skal til for å knekkje motstandsviljen hennar. Les denne scenen på sidene 102–111 i romanen Albertine på bokhylla.no.

Spørsmål til biletet og teksten

  1. Sjå nærare på biletet. Om du ikkje gjetta det, er Albertine den vesle, litt beskjedne jenta med skaut som står framom til høgre for politimannen. Kvifor trur du kunstnaren har valt å plassere henne i bakgrunnen på biletet?
  2. Korleis skil kleda og haldninga til Albertine seg frå dei andre kvinnene på biletet? Og kva seier dette om forskjellane mellom dei?
  3. Christian Krohg var ein naturalistisk målar. Korleis kan du sjå det ut frå teknikken og verkemidla han bruker i måleriet sitt?
  4. I utdraget frå romanen kan du lese om scenen som her er måla. Kva for nokre språklege verkemiddel bruker Krohg for å få fram stemninga i scenen?
  5. Kva for ein synsvinkel bruker Krohg? Kvifor trur du han har valt denne synsvinkelen?
  6. Albertine endar til slutt opp som ei prostituert kvinne. Er denne slutten typisk for naturalismen? Grunngi svaret ditt.
  7. Samanlikn romanutdraget og biletet. Kva fortrinn har biletet framfor den skriftlege teksten? Og kva kan den skriftlege teksten formidle betre enn måleriet?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale