Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Oppgåver til "Karens jul"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til "Karens jul"

Oppgåver til novella "Karens jul" av Amalie Skram. Teksten er frå 1885 og skildrar fattigdom og sosial urettferd på ein måte som rører ved lesaren den dag i dag.

Vindu med snø og frost. Foto.

Novella "Karens jul" kom ut for første gong i 1885, i jule- nummeret av den danske avisa Politiken. Les teskten: Amalie Skram: Karens jul

Oppgåve 1

Analysespørsmål til novella "Karens jul"

A. Handling, motiv og tema

  1. Gi eit resymé av handlinga i novella. Presenter hendingsgangen i kronologisk rekkjefølgje, og bruk ikkje meir enn seks–sju setningar.

  2. Gjer greie for motivet med éi setning.

  3. Kva vil du seie er temaet i novella?

  4. Kvifor kan vi seie at temaet, handlinga og utfallet i novella er typisk for naturalistisk litteratur?

B. Miljøskildring

Novella opnar med ei ganske lang og detaljert skildring av det gamle trehuset der handlinga går føre seg.

  1. Korleis vil du karakterisere denne skildringa? Er ho subjektiv, objektiv, romantiserande, kjensleladd, pessimistisk, nøktern? Finn dei adjektiva som passar best, og gi døme fra teksten som underbyggjer svaret ditt.
  2. Kva trur du forfattaren ønskjer å oppnå med denne innleiinga?
  3. Miljøskildringa i denne novella er typisk for naturalistisk litteratur. "Bevis" denne påstanden, og nemn to–tre døme frå andre delar av teksten enn innleiinga.

C. Personskildring

  1. Sjå på måten Karen og politikonstabelen snakkar på. Kva fortel språket om kven dei er, og kvar dei høyrer til på den sosiale rangstigen? Gi nokre døme.
  2. Finn andre viktige opplysingar i teksten som karakteriserer Karen og konstabelen som personar.
  3. "Personskildringa i denne novella er typisk for naturalistisk litteratur." Argumenter kort for denne påstanden.

D. Forteljeteknikk

Framstillinga i novella "Karens jul" er autoral, det vil seie at forteljaren står utanfor handlinga og kan velje kva vi får vite om personane og kva dei gjer og tenkjer. Synsvinkelen ligg hos konstabelen i store delar av teksten. Karen derimot har aldri synsvinkelen, ho vert konsekvent skildra utanfrå.

  1. Kva fortel valet av synsvinkel om styrkjeforholdet mellom dei to personane?
  2. Tre stader i novella ligg ikkje synsvinkelen hos konstabelen. Kvar?
  3. Tenk over: Skram ville peike på sosial urettferd i samfunnet. Kvifor vel ho å leggje synsvinkelen hos politikonstabelen? Det er jo Karen som er offeret, og som treng innlevinga og sympatien til lesaren.

E. Symbolbruk i novella

  1. Handlinga i novella går føre seg i eit nedlagt ferjehus. Ferjer og båtar finn vi brukte som symbol både i gamle religiøse forteljingar og i litteraturen generelt. Kva symboliserer dei? Og kva funksjon har dette symbolet i novella til Skram?

F. Samfunnskritikk i novella

  1. Kva slags alternativ hadde Karen til det å sitje og vente på at den tidlegare arbeidsgivaren hennar skulle komme tilbake?
  2. Kva kan vere grunnen til at ho ikkje valde den mest rasjonelle løysinga?
  3. Sjå på siste avsnitt i novella. Kva fortel det om det generelle synet samfunnet hadde på fattige menneske som Karen?
  4. Korleis samanfattar politikonstabelen det som har skjedd med Karen? Kva slags haldningar og kjensler er det han viser?

Oppgåve 2

Skriveoppgåve

Korleis kunne denne forteljinga ha enda viss ho hadde vore skriven i ein kritisk-realistisk tradisjon? Skriv ein slutt som kunne passa!

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale