Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Religionsdebatt og darwinisme

1800-talet er prega av at kristendommen møter motstand. Kyrkja som institusjon stod no overfor ei av dei største utfordringane sidan reformasjonen – nemleg darwinismen.

Evolusjon av kvinnen.

Darwin og utviklingslæra

Utviklingslæra til Charles Darwin (1809–1882) , som vart utgitt i bokform i 1859, førte til at mange måtte revurdere si eiga gudstru. Kva skulle dei meine om teorien om korleis artene hadde oppstått? Enkelte valde å avvise kristendommen. Teorien til Darwin utkonkurrerte gudstrua deira. Andre tok sterk avstand frå Darwin sine teoriar, og heldt fast på ei oppfatning av at alt liv på jorda var skapt av Gud. Nokre freista også å skape ein syntese av vitskap og religion gjennom å integrere læra til Darwin i den religiøse overtydinga dei hadde frå før.

Dersom du ønskjer å lære meir om Charles Darwin kan du høyre Thomas Hylland Eriksen sitt føredrag i P2-akademiet (24 min).: Charles Darwin

Søren Kierkegaard

Søren Kierkegaard
Søren Kierkegaard

Kyrkja møtte også kritikk frå anna hald. Medan Friedrich Nietzsche (1844–1900) proklamerer at "Gud er død", kritiserer Søren Kierkegaard (1813–1855) statskyrkja for mangel på ærlegdom og "inderlighed".

Religionskritikken førte til at fleire sentrale norske forfattarar gjennomgikk ulike fasar i høve til kristendommen. Både Henrik Ibsen (1828–1906) og Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910) tematiserte gudstru og kyrkjemakt i fleire av verka sine. Dei var begge truande i første delen av forfattarskapen sin, men tok eit oppgjer med trua si etter å ha gjort seg kjende med dei ulike religionskritiske røystene.

Kjeldetekstar

Oppgåver til kjeldetekstane

Les kjeldetekstane, og jobb med følgjande oppgåver:

  1. I teksten Hvad jeg vil? skriv Kierkegaard at han ønskjer "redelighet". Kva anna er det han ønskjer seg?
  2. Kva meiner Kierkegaard med "offisiell kristendom"?
  3. Kva trur du bodskapen til Kierkegaard er i denne teksten?
  4. Kva er det, ifølgje Darwin, som gjer at alle skapningar stig i verdigheit?
  5. "Da vil alle kroppslige og åndelige evner være tilbøyelige til å skride fram mot fullkommenhet", hevdar Darwin. Kva for prinsipp ligg bak denne prosessen?
  6. Les utdraget frå konklusjonen til Darwin i boka Om artenes opprinnelse. Avviser Darwin religionen i denne teksten? Finn døme i teksten som underbyggjer svaret ditt.
  7. Les utdraget frå Et dukkehjem. Kva trur du Nora meiner med at ho vil sjå "om det var riktig hva presten Hansen sa, eller i alle fall om det er riktig for meg"?
  8. Korleis kan vi forstå den religiøse tvilen til Nora om vi leser dramautdraget i lys av Kierkegaard sin kritikk av kyrkja?
  9. Finn konkrete eksempel i teksten Salme II på korleis Bjørnson skaper ei syntese av darwinisme og kristendom.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale